Nøtterøy golfbane

Nøtterøy golfbane er ein golfbane i på Nøtterøy i Færder kommune i Vestfold. Den ligg i Hellaskogen, like ved kommunens administrasjonssentrum Borgheim. Bygginga av banen starta i 2001, og den opna i 2003. Samstundes med opninga blei òg Nøtterøy golfklubb stifta.

Nøtterøy golfbane

Banen har 18 hòl og har par på 72. Den er om lag 6500 meter lang, og har fem teestader. Det er òg ein korthòlsbane med seks hòl, samt ein drivingrange. Banen er teikna av Jeremy Turner, medan arkitekten til klubbhuset er John H. Støre.

Kulturminne endre

På Nøtterøy golfbane er det registrert ti kulturminne frå jernalderen. Av desse er det sju busettings-/aktivitetsområde, eitt veganlegg, eitt gravfelt og éi ryddingsrøys. Alle kulturminnene bortsett frå to av busettingsaktivitetsområdene er freda.[1]

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre