N.D. Smart
Norman D. Smart (fødd 29. september 1947) er ein amerikansk trommeslagar. Han erstatta Chip Damiani iThe Remains i 1966, kort tid før bandet vart oppløyst.
N.D. Smart | |||
Fødd | 29. september 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | USA | ||
Verka som | trommeslagar |
Smart var medlem av bandet Kangaroo, som gav ut eitt album i 1968. Han kom så inn i bandet Mountain i 1969 og spelte på dei første konsertane deira, før han vart erstatta av Corky Laing seint i 1969. Han spelte med Mountain på Woodstockfestivalen i august 1969. Konsertopptaket av «Long Red» frå Woodstock vart gjeven ut i 1972 på Mountain Live: The Road Goes Ever On. Trommesoloen av Smart på dette opptaket er blitt sampla mange gonger av hiphop-artistar.
I 1969 var than medlem av countryrockgruppa til Ian and Sylvia, Great Speckled Bird. Det første albumet deira vart produsert av Todd Rundgren, som Smart arbeidde med gjennom 1970-åra.
Smart, Jim Colegrove og Jeff Gutcheon skipa gruppa Hungry Chuck i 1971. I 1973 spelte Smart med The Fallen Angels, gruppa til Gram Parsons.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «N.D. Smart» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Biografi om N.D. Smart