Neu! '75

(Omdirigert frå NEU! '75)
Neu! '75
Studioalbum av Neu!
Utgjeve 1975
Innspelt Desember 1974 - januar 1975
Sjanger krautrock, ambient, protopunk
Lengd 46:22
Selskap Brain
Produsent Conny Plank, Neu!
Neu!-kronologi 
Neu! 2
(1973)
Neu! '75 Neu! 4
(1996)


Neu! '75 er det tredje studioalbumet til krautrockbandet Neu!.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Pitchfork Media(8.5/10)[2]
Rolling Stone4/5 stars[3]

Det vart spelt inn og miksa i studioet til Conny Plank mellom desember 1974 og januar 1975. Det vart gjeve ut i 1975 av Brain Records, og offisielt gjeve ut på CD i mai 2001 av Astralwerks i USA og Grönland Records i Europa.

Oversyn endre

Dette var det første albumet til Neu! etter nokre års pause. I mellomtida hadde Michael Rother arbeidd med Cluster i krautrock-gruppa Harmonia.

Samstundes hadde Klaus Dinger gått i ein meir aggressiv rockeretning, medan Rother spelte meir ambient musikk. På grunn av dette gjorde dei eit kompromiss, der side ein vart spelt inn i gammal Neu!-stil, som ein duett med Dinger på trommer. På side to byta Dinger til gitar og solovokal, og hadde med seg broen Thomas og Hans Lampe som begge spelte trommer samstundes.

Reultatet vart i røynda eit delt album, med ein noko melodisk første halvdel og ei dristig, ukonvensjonell andreside. På begge sidene vart det nytta klaverinstrument og fase-effektar. Rockesongen til Dinger, «Hero» , var ein inspirasjon for mange musikarar på denne tida, som John Lydon frå Sex Pistols. Denne songen har sidan vorte rekna som proto-punk. David Bowie syner til albumet på hans "Heroes".[4] Bandet Negativland (kalla opp etter ein song på det første albumet) kalla plateselskapet sitt opp etter songen «Seeland».

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Isi»5:06
2.«Seeland»6:54
3.«Leb' Wohl»8:50
Side two
Nr.TittelLengd
4.«Hero»7:11
5.«E-Musik»9:57
6.«After Eight»4:44

Medverkande endre

Bandmedlemmar
Andre medverkande

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Pitchfork Media review
  3. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 8. februar 2009, henta 8. februar 2009 
  4. Snow, Mat (2007). MOJO 60 Years of Bowie, «Making Heroes". s. 69.