Nagarjuna

Acharya Nāgārjuna (ca. 150–250) var ein indisk filosof og grunnleggjaren av Madhyamaka-skulen innan Mahayana-buddhismen. Han blir ofte rekna som den mest innverknadsrike buddhisttenkjaren etter prins Siddharta Gautama sjølv.

Nagarjuna
Nagarjuna at Samye Ling Monastery.JPG
Statue av Nagarjuna ved Samye Ling-klosteret i Dumfriesshire i Skottland
Fullt namnAcharya Nāgārjuna (telugu నాగార్జున; kinesisk 龍樹; tibetansk Klu Sgrub
Føddca. 150
FødestadSør-India
Dødca. 250
DødsstadIndia

Nagarjuna blei fødd i Sør-India som ein hinduisk brahminar. Han blei ein sterk kritikar av hinduismen og av den tradisjonelle buddhismen (hinayana-skulane). Nagarjuna blir ofte framstilt med eigne statuar som ein bodhisattva. Desse er lett gjenkjennelege ettersom han ofte er avbilda saman med ein «naga» - ein kjempemessig guddommeleg slange – som vaktar han. Nagaen kan òg forståast som ein arhat. Ida om arhaten som vaktar skattane til buddhismen finst òg i mahayana i Kina - «luohan»

Nagarjuna skreiv fleire filosofiske avhandlingar, sjølv om mange av bøkene er skrivne av andre, men tillage Nagarjuna. Den mest kjende og viktigaste er Mūlamadhyamakakārikā – 'Ei avhandling om middelvegen'. Nagarjuna brukte i likskap med Buddha òg omgrepet «middelvegen» om sin filosofi.

KjelderEndra

LitteraturEndra