Opna hovudmenyen

Nahe er ei elv i Rheinland-Pfalz i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå venstre med ei lengd på 116 km. Elva ligg i eit kjend vinområde i Tyskland. Namnet Nahe kjem frå det latinske ordet Nava, som har eit keltisk opphav som tyder «den ville elva». Nahe skil den nordlege delen av Pfalz frå Hunsrück.

Nahe
elv
Kreuznach01.jpg
Nahe ved Bad Kreuznach
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Nedslagsfelt 4 065 km²
Lengd 116 km
Kjelde Hunsrück
Munning Rhinen
Wikimedia Commons: Nahe (river)

Elva har sitt utspring i Nohfelden (Saarland) og renn gjennom Rheinland-Pfalz og munnar ut i Rhinen i Bingen. Andre byar langs Nahe er Idar-Oberstein, Kirn, Bad Kreuznach og Bingen.

KjeldeEndra