Nakşidil Haseki (død 22. august 1817) var valide sultan i Det osmanske riket under regjeringstida til sonen, sultan Mahmud II, frå 1808 til 1817.

Nakşidil Sultan

FøddGeorgia
Død22. august 1817
Istanbul
TittelValide sultan
FøregangarAyşe Seniyeperver Sultan
EtterfylgjarBezmiâlem Sultan
GravstadKonstantinopel
LandDet osmanske riket
SambuarAbd-ul-Hamid I
BarnMahmud II

Liv endre

Som dei andre kvinnene i det keisarlege osmanske haremet kom Nakşidil dit etter å ha blitt offer for slavehandel. Deretter konverterte ho ifølgje skikken til islam og fekk eit persisk namn, i hennar tilfelle Nakşidil ('Brodert i hjartet'), og fekk ei grundig tyrkisk-muslimsk oppseding.

Bakgrunnen hennar før ho blei tatt som slave er ikkje kjend, og det er blitt føreslått både at ho kom frå Georgia og frå Tsjerkessia, som på den tida var den vanlegaste bakgrunnen for haremsslavane.[1][2][3]

Det finst ei utbreidd legende om at Nakşidil Sultan opphavleg var Aimée du Buc de Rivéry, ein slektning av den franske keisarinna Joséphine de Beauharnais, som forsvann under ei sjøreise. Ifølge legenda blei skipet til Aimée du Buc de Rivéry overfalle av barbareskpiratar som selde henne på slavemarknaden til Abd ül-Hamid I sitt harem. Det finst likevel ingen bevis på at Nakşidil Sultan og Aimée du Buc de Rivéry var same person.

Stilling ved hoffet endre

Nakşidil var hoffdame for Esma Sultan, ei dotter av sultan Ahmed III.[4] Ho blei presentert for sultan Abd ül-Hamid I som konkubine i 1782. Ho fekk tittelen 'sjuande gemalinne'. 22. oktober 1783 fødde ho sitt fyrste barn, sonen Şehzade Murad Seyfullah, som døydde eitt år gammal av kopar den 3. mars 1784.[4] Eit år seinare, 20. juli 1785, fødde ho sitt andre barn, sonen Şehzade Mahmud som kom til å bli sultan Mahmud II.[5] 28. november 1786 fødde ho det tredje barnet sitt, dottera Saliha Sultan, som døydde eitt år gammal den 10. april 1788.[6][4]

I 1788 fekk Nakşidil byde ei fontene i Sultanahmet, ved fengselet kjent som Nakşi Kadın-fontena.[5]

Ho blei enkje då Abd ül-Hamid I døydde i 1789.[4] Sultanen blei etterfølgd av brorsonen sin Selim III, og Nakşidil blei etter sedvanen flytta til det gamle palasset for pensjonerte konkubiner og mista omsorga for sonen sin.

I 1807 blei Selim III avsett og etterfølgd av den eldste sonen til Abd ül-Hamid I, Mustafa IV. Ho fekk då høgare betalingar kvar dag og veke. I desse åra fekk Nakşidil inntekter frå tre gardar i Taşçı Han, i nærleiken av Fatihmoskeen.[4]

I 1808 sendte Mustafa, med hjelp frå ulemaen, drapsmenn med ordre om å drepa både den avsette Selim og halvbroren sin, prins Mahmud. Nakşidil skal ha redda sonen ved å halda han skjult, og han skal ha lukkast i å flykta med hjelp frå slavejenta Cevri. Mahmud blei seinare sultan etter å ha fått Mustafa drepen.[7]

Valide sultan endre

 
Naksidil Valide Sultan-mausoleet
 
Naksidil Valide Sultan Mausoleum Sebil

Mustafa IV blei avsett i eit kupp leia av Alemdar Mustafa Pasha, og sonen til til Nakşidil blei plassert på trona som Mahmud II. Nakşidil Sultan fekk som sultanmor tittelen valide sultan, og blei han høgast rangerte kvinna i riket. I denne stillinga var ho høgt æra i haremet, men det finst ingenting som tyder på at ho hadde noka form av påverknad på politikken.[8]

I 1809 fekk ho bygd ei fontene nær landsbyen Sarıkadı i Üsküdar, kjend som Nakşidil Sultan-fontena. I 1817 fekk ho laga ei anna fontene, eit kjøkken og sitt eige mausoleum i Fatih.[9]

I 1816 blei Nakşidil alvorleg sjuk. Ho blei behandla av to greske legar, men dei klarte ikkje å lækja henne. Hovudlækjaren gav henne råd om å kvila ved herregarden til Gümrükçü Osman Ağa i Çamlıca, men vêret der var ikkje bra for helsa hennar. Ho vende tilbake til Beşiktaş-palasset, der ho døydde 22. august 1817 av tuberkulose. Ho blei gravlagd i sitt eige mausoleum i Fatih i Istanbul.[5]

I 1818 fekk sultan Mahmud bygd ei drikkefontene (sebil) til minne om mora. Denne er kjend som Nakşidil Sultan Sebil.[10] Både sonen og sonesonen hennar, Abdulmejid I, døydde av tuberkulose i høvesvis 1839 og 1861.[5]

Kjelder endre

  1. Sakaoğlu, Necdet. Bu mülkün kadın sultanları . - Istanbul: Oğlak Yayıncılık, 2008. - 574 s.
  2. İbrahim Pazan (2007). Padişah anneleri. Babıali Kültür Yayıncılığı. ISBN 978-9-944-11831-6. 
  3. Sakaoğlu, Necdet (2008). Bu mülkün kadın sultanları: Vâlide sultanlar, hâtunlar, hasekiler, kadınefendiler, sultanefendiler. Oğlak Publications. s. 358–360. ISBN 978-9-753-29623-6. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «NAKŞİDİL SULTAN (ö. 1817): Sultan II.Mahmud'un annesi». İslam Ansiklopedisi. Henta 5 April 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Uluçay 2011, s. 162.
  6. Uluçay 2011, s. 170.
  7. Encyclopædia Britannica Encyclopædia Britannica: "Mustafa IV".
  8. Sarıcaoğlu, Fikret. Nakşidil Sultan // Islam Ansiklopedisi. - İslâm Araştırmaları Merkezi, 2006. - Vol. 32
  9. Uluçay 2011, s. 162-63.
  10. Uluçay 2011, s. 163.
Bibliografi
  • Isom-Verhaaren, Christine (Juni 2006). «Royal French Women in the Ottoman Sultans' Harem: The Political Uses of Fabricated Accounts from the Sixteenth to the Twenty-first Century». Journal of World History 17 (2): 159–196. JSTOR 20079373. doi:10.1353/jwh.2006.0038. 
  • Uluçay, M. Çağatay (2011). Padişahların kadınları ve kızları. Ötüken. ISBN 978-9-754-37840-5.