Namnet Ada

kvinnenamn
Sjå og andre tydingar av ordet Ada

Ada er eit kvinnenamn som kan ha ulike opphav. Det kan vera ei kortform av tyske namn som byrjar på Adel-, særleg Adelheid. Det kan då tyda 'edel' eller 'adeleg'. Namnet kan òg vera ein skrivemåte for hebraisk adá (עָדָה), som kan tyda 'pryd' eller 'soloppgang'.

Grevinne Ada av Holland.

Ada har norsk namnedag den 4. mars og svensk den 10. mars.

Bruk endre

Ada er eit utbreidd namn i Italia. I Noreg har det vore brukt frå rundt 1850. Det var populært frå ca. 1915 til ca. 1935, då 0,10 % eller fleire av nyfødde jenter fekk namnet. I løpet av 1980-talet tok bruken til å auka igjen, og etter 2000 voks bruken kraftig, til over 0,30 %.

Det er over 1 500 kvinner som ber namnet Ada i Noreg (2009).

Kjende namneberarar endre

Bakgrunnsstoff endre