Lenin er eit russisk namn som blei brukt som dekknamn av kommunistleiaren Vladimir Iljitsj Uljanov, og var namnet han blei kjend under. Det er mykje nytta i sovjetisk og sosialistisk samanheng. Lenin er også blitt brukt som personnamn av andre.

Underskrifta til Lenin som «Uljanov (Lenin)».

Historie endre

Vladimir Iljitsj Uljanov tok dekknamnet «Lenin» i 1901. Namnet blei kjend gjennom ein pamflett, Sjto delat'? (Что делать?), eller 'Kva må gjerast?', gjeven ut i 1902 og signert N. Lenin. Nøyaktig kvifor han valde namnet er ukjend, men ein reknar vanlegvis med at han kalla seg opp etter elva Lena i Sibir. Namnet kan tyda 'mannen frå Lena', og -in-endinga var vanleg i dekknamn på denne tida. Sosialdemokraten Georgij Plekhanov, som Lenin starta avisa Iskra saman med, nytta «Volgin» som dekknamn. Namnet Volgin kjem av elva Volga. Elva Lena er større og lengre enn Volga og renn i motsett retning. I april 1912 var elva elles åstaden for ein massakre av streikande arbeidarar utført av tsaren sine styrkar. Lena-massakren førte til arbeidaruro mange stader i Russland.

Stadnamn endre

Fleire stader i Sovjetunionen fekk namn etter Lenin, men mange blei omdøypte etter at Sovjetunionen fall. Leningrad, no St. Petersburg, er det best kjende dømet. Andre er Leninogorsk, Leninsk, Leninsk-Kuznetskij og Leninskij i Russland, Lenin i Aserbajdsjan, Lenin i Tadsjikistan, Lenin i Turkmenistan, Leninskij i Kasakhstan, Lenine og Leninivka i Ukraina og Leninpol' i Kirgistan.

To byar som tidlegare heitte Leninsk i Kasakhstan og Turkmenistan har endra namna sine til høvesvis Bajkonur og Akdepe. Leninfjellet, eller Pik Lenina, mellom Kirgisistan og Tadjikistan blei døypt om til Ibn Sina-fjellet i 2006.

I kulturen endre

Lenin og avleiingar har vore nytta i litteratur, til dømes om den viktige figuren Lenina Crowne i dystopien Brave New World av Aldous Huxley frå 1932.

Namneberarar endre

Kjelder endre