namnet Lindås

Lindås (eldre skrivemåte Lindaas) er eit norsk gardsnamn og slektsnamn som er brukt fleire stader i landet, og har gjeve namn til Lindås kommune i Nordhordland.

TydingEndra

Sistedelen av namnet tyder 'ås' rett fram, men den første delen kan ha ulik tyding. Han kan ofte forklarast med at tretypen lind veks i området, men denne tydinga kan vanskeleg knytast til område der det ikkje veks lind. I staden har ein tenkt seg at ordet viser til forma på åsen, til dømes at han er forma som eit band (norr. lindi) eller er svakt skrånande (adjektivet linn, som tyder 'svak' eller 'mild').[1]

BrukEndra

Det er om lag 250 som har Lindås og 150 som har Lindaas som etternamn i Noreg.[2]

FotnotarEndra