Namnet Zara

kvinnenamn

Zara er eit kvinnenamn med fleire moglege opphav. Det er vanleg i fleire engelsktalande land, og i ein del land i Søraust-Europa.

Opphav kan vera:

  • ein skrivemåte av Sara, som har opphav i hebraiske Sarah (hebraisk: שָׂרָה) og tyder «prinsesse».
  • ei engelsk form av Zaïre, eit namn brukt av den franske forfattaren Voltaire i skodespelet 'Zaïre' frå 1732. Voltaire kan ha basert dette namnet på arabiske Zahra, som tyder «kvit», «blome» eller «lys».[1]
  • ei bulgarsk kjæleform av Zaharina eller Zaharinka, feminine former av Zechariah som har hebraisk opphav og tyder «Gud hugsar».[2]

Namnet blei kjend i England gjennom Zara Phillips (fødd 1981), dottera til prinsesse Anne.[3] Zara har vore mest brukt i Sverige frå 1980-talet.

Kjende namneberarar

endre

Kjelder

endre
  1. «Zaïre». Benind the Name. Henta 1 February 2014. 
  2. «Zara (2)». Benind the Name. Henta 1 February 2014. 
  3. «Zara (1)». Benind the Name. Henta 1 February 2014.