Nanpi
Nanpi (南皮县; pinyin: Nánpí Xiàn) er eit fylke i provinsen Hebei i Folkerepublikken Kina. Det ligg under byprefekturet Cangzhou.
Fylket hadde 345 210 innbyggarar i 1999[1].
Historie
endreByen Nanpi vart grunnlagt i 221 f.Kr. under Qin-dynastiet. Mot slutten av Han-dynastiet, i 205 e.Kr. vart det halde eit viktig slag mellom Cao Cao og Yuan Tan, sonen til Yuan Shao. Cao Cao vann, og inntok byen. Det er mange fortidsminne frå denne perioden i fylket.
Fotnotar
endre- ↑ National Population Statistics Materials by County and City - 1999 Period,i China County & City Population 1999, Harvard China Historical GIS
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstaden nanpi.gov.cn Arkivert 2021-05-13 ved Wayback Machine.