Nansenøya i Karahavet

Nansenøya (russisk Остров Нансена, Ostrov Nansena) er ei lang og smal øya ved kysten av Karahavet i Krasnojarsk kraj i Russland. Ho er 21 km lang og i snitt om lag 2,5 km brei. Øya ligg i eit område med mange skjer, like utanfor kysten av Tajmyrhalvøya. Det smale sundet mellom Nansenøya og kysten av Sibir (Framsundet) er i snitt 2,5 km breitt.

Nansenøya i Karahavet
øy
Land  Russland
Del av Nordenskiöldøyane
Kart
Nansenøya i Karahavet
76°12′N 94°45′E / 76.2°N 94.75°E / 76.2; 94.75
Plasseringa til Nansenøya i Karahavet, sør for Nordenskiöldøyane.
Plasseringa til Nansenøya i Karahavet, sør for Nordenskiöldøyane.
Plasseringa til Nansenøya i Karahavet, sør for Nordenskiöldøyane.

Kysten av Nansenøya og nokre av dei større naboøayne, som Tajmyrøya, Bonevi og Pilota Makhotkina er innskore med mange bukter og viker. Sunda mellom denne øya og naboøyane har derfor eit labryintpreg over seg. Geologisk er alle desse øyane ei fortsetjing av Nordenskiöldøyane som ligg lenger nord og stundom vert Nansenøya rekna som ein del av øygruppa. Ostrov Vkhodnoj er 750 meter lang og ligg like vest for Nansenøya.

Havet omkring Nansenøya er dekt av pakkis med noko polynja gjennom den lange, harde vinteren og det er mykje isflak i havet om sommaren.

Øya er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie endre

I oktober 1900 under Baron Eduard von Toll sin skjebnesvangre siste ekspedisjon vart vinterforlegninga til Toll sitt skip «Zarja» sett til Nabljudenijøya og ein forskingsstasjon vart bygd der. Dette er ei lita granittøya søraust for Nansenøya i ei bukt som Baron Toll kalla Colin Archer-bukta.

Under den andre verdskrigen var det mykje militæraktivitet nær Nansenøya, særleg under Operasjon Wunderland.

På enkelte kart står Nansenøya berre oppført som Nansena. Øya må ikkje forvekslast med den russiske øya Nansenøya, som er ein del av Frans Josefs land, i Nordishavet. Begge øyane er kalla opp etter den norske polfararen Fridtjof Nansen.

Kjelder endre

Sjå òg endre

76°13′N 94°45′E / 76.217°N 94.750°E / 76.217; 94.750