Nansen på månen

månekrater

Nansen er eit gammalt månekrater nord på månen, på austsida av nordpolen eller sida som vender vekk frå jorda. Ein kan sjå krateret langs kanten av månen frå jorda, og ein må sjå krateret frå bane rundt månen for å få nokre detaljar. I gunstig librasjonsforhold, kan ein sjå krateret med å finne krateret Baillaud, så følgje flata opp mot kanten.

Nansen

Koordinatar80°54′N 95°18′E / 80.9°N 95.3°E / 80.9; 95.3
Diameter104 km
DjupneUkjend
Colengdegrad275° ved soloppgang
EponymFridtjof Nansen

Krateret er kraftig nedsliten og erodert av mindre nedslag og den ytre veggen er ujamn med fleire småkrater og hakk. Eit lite krater ligg langs nordkanten av Nansen, og ein liknande formasjon ligg langs den indre sørveggen. Ei rekkje småkrater ligg langs austsida.

Den indre botnen av Nansen har fleire haugar og er meir ujamn i nord, medan den sørlege delen er relativt flat.

Krateret er kalla opp etter Fridtjof Nansen.[1]

Satellittkrater endre

Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Nansen.

Nansen Breiddegrad Lengdegrad Diameter
A 82.8° N 63.0° E 46 km
C 83.2° N 55.5° E 34 km
D 83.8° N 64.0° E 21 km
E 83.3° N 71.0° E 15 km
F 84.7° N 60.0° E 62 km
U 81.6° N 81.4° E 16 km

Kjelder endre


  1. «Nansen», Gazetteer of Planetary Nomenclature