Opna hovudmenyen
Narkval

Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: EN Sterkt truga

Narkval

Foto: Glenn Williams

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Kvalar
Underorden: Tannkvalar
Familie: Narkvalfamilien
Slekt: Monodon
Art: M. monoceros
Vitskapleg namn
Monodon monoceros

Narkval, Monodon monoceros, er ein tannkval i narkvalfamilien. Narkvalen er kjend for den lange og spydliknande spiralsnodde, framoverretta støyttanna (eigenleg den eine hjørnetanna) som hanndyra har.

Utbreiingsområdet til narkvalen

Narkvalen lever i arktiske farvatn, hovudsakleg frå Canada austover til austlege delar av Sibir, og vert jamleg observert i nordaustlege Svalbard.[1] Den totale bestanden er truleg over 80 000 dyr. Det vert driven fangst på narkval av inuittar i Canada og på Grønland.[2]

Namnet "narkval" kjem frå norrønt náhvalr, som tyder "likkval".[3] Den lange, spiralsnodde støyttanna vart i mellomalderen likna med hornet i panna på det fabeldyret som vart kalla einhyrning, og ofte selt til uvitande som einhyrningshorn.


FotnotarEndra

KjelderEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Narkval