Nashville

Nashville er ein by i delstaten Tennessee i USA. Byen er sidan 1843 hovudstad i delstaten og har ikring 635 000 ibuarar (2013). Byen er administrasjonssenter for Davidson County. Nashville ligg ved elva Cumberland, sentralt i delstaten.

Nashville
by
Blue Angels honored frontline workers with formation flights over Nashville and Little Rock. (49897946906).jpg
Land Flag of the United States.svg USA
Kart
Nashville
36°9′44″ N 86°46′28″ W
Wikimedia Commons: Nashville, Tennessee

Byen er eit senter for musikk, helsestell, forlagsdrift, bank- og transportnæringar. Fleire college og universitet har base i byen. Nashville er særleg kjend som eit senter i musikkindustrien og ber kallenamnet «Music City»; musikkbyen.

Nashville, som vart grunnlagd i 1784, er den nest mest folkerike byen i Tennessee, einast Memphis har fleire ibuarar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Nashville