Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) fram til 1. januar 2015 Post og Teletilsynet (PT) er eit frittståande forvaltingsorgan under Samferdselsdepartementet. Nkom er ansvarleg for å regulera og overvake post- og telekommunikasjon i Noreg. Etaten er sjølvfinansierande, gjennom å krevja inn ymse gebyr.
Nkom | |
![]() | |
Type | Forvaltingsorgan |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Skipa | 1. februar 1987 |
Direktør | Torstein Olsen |
Hovudkontor | Lillesand |
Lokale ledd | Bergen, Lillehammer, Lødingen, Ski, Trondheim |
Eigar | Samferdselsdepartementet |
Tilsette | 151 (2014)[1] |
Nettside | nkom.no |
Nkom vart stifta i 1987, under namnet Statens teleforvaltning, då den norske telekommunikasjonsmarknaden vart opna for konkurranse. Nkom har seinare fått fleire ansvarsområde, etter som liberaliseringa av marknaden har auka. I 1997 fekk etaten ansvaret for regulering av posttenester og bytta namn til Post og Teletilsynet. Etter vedtak i Stortinget vart Nkom frå og med 2007 plassert i Lillesand kommune og i 2015 fekk det namnet Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom).[2]
Kjelder Endra
- ↑ Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
- ↑ «PT skifter navn». Nasjonal kommunikasjonsmyndighet. 10. september 2014. Henta 8. mars 2015.