Nasjonalfugl
(Omdirigert frå Nasjonalfuglar)
Nasjonalfugl er ein eller fleire fuglar som gjennom tradisjon eller val blir brukt til å symbolisere ein nasjon. Nokre fuglar er også nasjonaldyr, medan andre er valde i tillegg til eit anna dyr som symboliserer landet eller nasjonen.
Nasjonalfuglar kan vera fuglar som berre finst vilt i landet dei symboliser, som grønfasan i Japan, dei kan vera utbreidde over størstedelen av territoriet til landet, som kvithovudhavørn i USA, eller dei kan symbolisera landet eller naturen der på andre måtar.
Oversyn over nasjonalfuglar
endreLand | Fugl | Bilete | Tillegg |
---|---|---|---|
Albania | kongeørn (Aquila chrysaetos) | Ørna har vore symbol for albanske dynasti sidan mellomalderen, og blei etterkvart symbol for albanarar. Ei dobbeltørn er avbilda på det albanske flagget og riksvåpenet.[1] | |
Anguilla | vestindiadue (Zenaida aurita)[2] | ||
Antigua og Barbuda | praktfregattfugl (Fregata magnificens)[3] | ||
Argentina | haciendaomnfugl (Furnarius rufus)[4] | ||
Austerrike | låvesvale (Hirundo rustica)[4] | ||
Australia | emu (Dromaius novaehollandiae) | Emuen har ikkje offisiell status som nasjonalfugl, men er avbilda i det australske riksvåpenet.[5] | |
Bahamas | raudflamingo (Phoenicopterus ruber)[6] | ||
Belgia | tårnfalk (Falco tinnunculus)[4] | ||
Belize | regnbogetukan (Ramphastos sulfuratus)[7] | ||
Bermuda | småtropikfugl (Phaethon lepturus)[4] | ||
Bhutan | ramn (Corvus corax)[4] | ||
Bolivia | andeskondor (Vultur gryphus)[4] | ||
Brasil | rustbuktrost (Turdus rufiventris)[4] | ||
Canada | islom (Gavia immer)[4] | Islom har ikkje offisiell status som nasjonalfugl, men er avbilda på canadiske pengar (no på eindollarmynten, tidlegare på tjuedollarsetelen).[8] | |
Colombia | andeskondor (Vultur gryphus) | Avbilda på det colombianske riksvåpenet.[9] | |
Costa Rica | leirtrast (Turdus grayi)[4] | ||
Cuba | kvasthaletrogon (Priotelus temnurus)[10] | ||
Danmark | knoppsvane (Cygnus olor)[4] | ||
Estland | låvesvale (Hirundo rustica)[4] | ||
Filippinane | filippinsk apeørn (Pithecophaga jefferyi)[4] | ||
Finland | songsvane (Cygnus cygnus)[4] | ||
Frankrike | hane (av tamhøns, Gallus gallus domesticus)[4] | ||
Færøyane | tjeld (Haematopus ostralegus)[4] | ||
Grenada | grenadadue (Leptotila wellsi)[4] | ||
Guatemala | praktkvetzal (Pharomachrus mocinno)[4] | ||
Hellas | kyrkjeugle (Athene noctua) | Ikkje offisielt. Ugla tilhøyrer Atene og har vore brukt som symbol for atenarar sidan antikken. I 2011 blei ho avbilda på den greske euroen.[11] | |
Honduras | gulvengjeraudara (Ara macao)[12] | ||
India | påfugl, indiapåfugl (Pavo cristatus)[4] | ||
Island | jaktfalk (Falco rusticolus)[4] | ||
Israel | hærfugl (Upupa epops) | Hærfuglen blei vald til israelsk nasjonalfugl i 2008.[13] | |
Japan | grønfasan (Phasianus versicolor) japantrane (Grus japonensis) |
|
Grønfasan er oftast rekna som den japanske nasjonalfuglen. I 2008 drap koreanske demonstrantar fleire fasanar i protest mot Japan på grunn av ein strid om territorium. Både fasanen og tranen er viktige i japansk kunst og kultur.[14] |
Latvia | linerle (Motacilla alba) | ||
Luxemburg | isfugl (Alcedo atthis) | ||
Nicaragua | turkisbrynmotmot (Eumomota superciliosa)[4] | ||
Noreg | fossekall (Cinclus cinclus) | ||
Ny-Caledonia (Frankrike) | kagu (Rhynochetos jubatus) | ||
Pakistan | berghøne (Alectoris chukar)[4] | ||
Polen | havørn (Haliaeetus albicilla)[4] | ||
Portugal | høns | ||
Skottland | kongeørn | ||
Spania | slangeørn | ||
Sri Lanka | flammehane (Gallus lafayetii)[4] | ||
Storbritannia | raudstrupe (Erithacus rubecula)[4] | ||
Sverige | svarttrast (Turdus merula)[4] | ||
Sør-Korea | skjor (Pica pica)[4] | ||
Tyrkia | raudvengtrast (Turdus iliacus)[4] | ||
Tyskland | stork (Ciconia ciconia)[4] | ||
Ungarn | stortrappe (Otis tarda) | ||
USA | kvithovudhavørn (Haliaeetus leucocephalus) | Ørna er viktig for mange amerikanske urfolk og er avbilda på det USA-amerikanske riksvåpenet. |
Kjelder
endre- ↑ Elsie, Robert (2010). Historical Dictionary of Albania. Lanham, Maryland: Scarecrow Press (The Rowman & Littlefield Publishing Group Incorporated). ISBN 0-8108-6188-7. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia; «Nature of Albania», albaniaconsulate.org
- ↑ Bird Watching in Anguilla, anguillalife.com
- ↑ Our National Symbols, (July 13, 2009), ab.gov.ag
- ↑ 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 4,15 4,16 4,17 4,18 4,19 4,20 4,21 4,22 4,23 4,24 4,25 4,26 4,27 Nasjonalfugl (2012, 19. juni) i Store norske leksikon. Henta 24. september 2013.
- ↑ «Coat of arms», dfat.gov.au (Australia.gov.au)
- ↑ The Flamingo - National Bird of The Bahamas, bahamas.gov.bs
- ↑ The National Symbols, belize.gov.bz
- ↑ National Birds – Canada (January 17, 2008), birdfreak.com
- ↑ National Bird, turiscolombia.com
- ↑ National Bird: Tocororo, cubadiplomatica.cu
- ↑ «Owls in Mythology & Culture»; 2011 * 1 euro GREECE Little Owl, mynumi.net
- ↑ National Symbols, embassyofhonduras.nl
- ↑ «Hoopoe Israel's new national bird» (05.30.08), ynetnews.com
- ↑ «Kokucho(The national bird)», japanlink.co.jp; Society: Government, web-japan.org; Symbols, worldatlas.com; Raw : Korean's Kill Pheasants Outside Japans Embassy Over Territorial Dispute (17/07/2008), liveleak.com
- Denne artikkelen bygger på «Nationalfågel» frå Wikipedia på svensk, den 11. oktober 2012.