National Geographic

The National Geographic Magazine, no kjent som National Geographic, er eit amerikansk tidsskrift gjeve ut av National Geographic Society. Bladet tek for seg geografi, historie og kultur frå heile verda. Det er kjenneteikna av ei gul ramme på framsida og bruk av fargerike illustrasjonar og fotoseriar. Bladet kom ut første gong i 1888. Det blir i dag gjeve ut både på papir og digitalt. Magasinet kjem ut kvar månad (tolv utgåver i året), og av og til med ei spesialutgåve.

Omslag frå januar 1915

Historie endre

Tidsskriftet vart gjeve ut første gong i oktober 1888, ni månadar etter at National Geographic Society vart grunnlagt. Det har blitt eit av dei mest utbreidde og kjende magasina/tidsskrifta i verda.[treng kjelde] Den lett kjennbare gule ramma rundt omslaget er det registrerte varemerket for National Geographic.[treng kjelde] Tidsskriftet er halde i forteljande sakprosa, i hovudsak bunde saman av ei skildring av reisa til journalisten.

 
To jødiske jenter frå Kaukasus, avbilda i magasinet i 1913.
 
Taj Mahal fotografert for National Geographic i 1921, til reportasjen «From London to Australia by Aeroplane» av sir Ross Smith.

I tillegg til at bladet er velkjent for geografiske og historiske artiklar frå dei fjernaste strøka på kloden, har det lenge vore respektert for den bok-liknande kvaliteten og den høge standarden på fotografia.[treng kjelde] Magasinet byrja trykka heilsidebilete alt tidleg på 1900-talet, då dette var sjeldant i blad og tidsskrift. Den første fotoreportasjen blei trykt i januar 1905, ei rekkje bilete frå Tibet i 1900-1901. National Geographic var også det første tidsskriftet som tok i bruk fargefotografi.

Frå 1960 byrja magasinet å trykke fotografi over heile framsida, i staden for innhaldslista omkransa av ei ramme med eikeblad. Eit særleg kjend omslagsbilete er frå 1985. Det syner ein afghansk flyktning, ei ung jente med markante gjennomtrengande, grøne auge. Fotoet av denne jenta vart verdskjend. Etter den SN-leia invasjonen av Afghanistan leitte ein av fotojournalistane i bladet etter jenta. Ho vart funnen i 2002 som den pasjtunske tobarnsmora Sharbat Gul. Historia hennar er å finne i utgåva av National Geographic for mars 2003.

Magasinet er òg kjent for å gje ut detaljerte kart av dei områda som hovudartikkelen skildrar. I 2001 gav National Geographic eit sett på åtte CD-ROM plater, som inneheld alle karta dei hadde gjeve ut frå 1888 til 2000.

Siden abonnentane ofte vert sagt å ha vanskeleg med å kvitte seg med blad, blir desse ofte selde i antikvariat, bruktbutikkar, loppemarknad og liknande.

Internasjonale utgåver endre

 
Logo for National Geographic Society.

I 1995 kom den første framandspråklege utgåva, på japansk. Magasinet vert no gjeve ut på over 28 språk, mellom anna spansk, japansk, jiddisk, finsk, gresk, fransk, tysk, polsk, indonesisk, koreansk, portugisisk, mandarin, tsjekkisk, rumensk, russisk, norsk, tyrkisk, tysk, svensk og kroatisk.

Fjernsynsprogram endre

I 1997 lanserte National Geographic sin egen fjernsynskanal, National Geographic Channel I 2009 kunne 230 millionar husstandar i 162 land få inn kanalen. Programma vert teksta eller dubba på 27 språk. Programma handlar om vitskap, teknikk, historie, natur og samfunnsliv.

Opplag endre

Stadfesta netto opplagstal for den norsk utgåva, frå Mediebedriftenes Landsforening:[1]

  • 2011: 10 591
  • 2012: 10 764

Kjelder endre

  1. Tal frå nettsidene til Mediebedriftenes Landsforening, arkivert frå originalen 17. juli 2011, henta 7. juli 2013 

Bakgrunnsstoff endre