Naturtone er ein rein deltone som kan oppstå når ein bles i naturhorn eller frå lause strenger på strengeinstrument.[1] Naturtonar er danna av grunntonen i eit instrument og overtonane hans. På horn eller fløyte blir dei danna av eigenresonansen til den innelukka luftsøyla.[2]

I naturtonerekkja opptrer naturtonar som likner på tonane i ein durskala. Dei kan likevel høyarast sure ut samanlikna med tonane frå eit temperert instrument, som nytter eit anna tonesystem.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Naturtone». Musikkordboken.no. Henta 5. november 2018. 
  2. «Naturtoner». Store norske leksikon. 22. oktober 2013. Henta 5. november 2018.