Nefelinsyenitt-pegmatitt

Nefelinsyenitt-pegmatitt er ein særs grovkorna bergart samansett av minerala nefelin og alkalifeltspat, i tillegg til pyroksen, biotitt og magnetitt. Dei opptrer i tilknyting til nefelinsyenitt som grovkorna gangar og kan innehalde ei rekkje sjeldne mineral.

Nefelinsyenitt i intrusjonskomplekset i Tinguá i delstaten Rio de Janeiro i Brasil (Motoki et al., 2011a).

I Noreg er nefelinsyenitt-pegmatittgangane i Langesundsfjorden kjent for fleire sjeldne mineral. W.C. Brøgger skildra i alt 75 ulike mineral frå dette området, og av desse var meir enn 20 den gongen nye for vitskapen.

Hovudmineral er alkalifeltspat (hovudsakleg mikroperthitt), nefelin (ofte omdanna til ein zeolittblanding), sodalitt (for det meste omdanna til natrolitt, 'spreustein'), ægirin, barkevikitt og nærstående hornblender.

Kjelder

endre