Neftejugansk
Neftejugansk Нефтеюганск | ||
---|---|---|
![]() |
![]() | |
Flagget til Neftejugansk | Byvåpenet til Neftejugansk |
|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Khanty-Mansia | |
Grunnlagd Bystatus |
1961 1967 | |
Borgarmeister | Sergei Burov | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
154 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
114 700 744,8 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 40 moh | |
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 628300–628312 | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)3463 | |
Nettstad: www.admugansk.ru |
Neftejugansk (russisk Нефтеюга́нск) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 115 000 innbyggjarar (2007). Han ligg ved ei forgrening av elva Ob, 50 km sørvest for Surgut og 200 km aust for Khanty-Mansijsk.
Namnet på byen kjem frå det russiske nefte, som tyder 'olje', og jugansk, som er avleidd av eit khantisk namn på ei lita elv nær byen.
HistorieEndra
Byen vart grunnlagt i 1967, etter at det vart oppdaga eit oljefelt i 1961. Den viktigaste og einaste store verksemda i byen er Juganskneftegaz, som vart grunnlagd i februar 1966. Økonomien til byen er framleis petroleumsbasert og han var eit viktig senter for det russiske oljeselskapet YUKOS, som eigde Juganskneftegaz.
På grunn av låge lønningar i YUKOS' var byen mindre velståande enn Surgut og mange prøver å flytte til Surgut for å arbeide for eit anna kjent russisk oljeselskap, Surgutneftegaz. Det er derimot ikkje lett på grunn av store skilnader i bustadprisane i Neftejugansk og Surgut.
I juni 1998 vart borgarmeisteren i Neftejugansk, Vladimir Petukhov, skoten og drepen og ein Yukos-tilsett vart siktet for drapet. Petukhov var ein av kritikarane av Yukos. 20. september vart viseborgarmeisteren i byen, Dmitrij Jegortsev, angripen med kniv og skadd. Ein annan viseborgarmeister, Igor Gribanov, døydde i ein brann i heimen sin i 2006.
Frå januar 2005 høyrer Juganskneftegaz til det statlege oljeselskapet Rosneft.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Neftejugansk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.