Neil Richard MacKinnon Gaiman[1] (fødd 10. november 1960) er ein britisk forfattar av fleire verk innan science fiction og fantastisk litteratur, inkludert fleire teikneseriar. Han er særleg kjend for det teikneserieverket The Sandman, og for romanane Stardust, American Gods, Coraline og The Graveyard Book. Han har vunne ei rekkje prisar, som Hugo, Nebula og Bram Stoker Award, Newbery og Carnegie-medaljen. I 2013 blei The Ocean at the End of the Lane vald til årets bok i den britiske National Book Awards.[2] Boka blei seinare omforma til eit kritikarrost skodespel ved Royal National Theatre i London.[3]

Neil Gaiman

Fødenamn Neil Richard Gaiman
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 10. november 1960 (63 år)
Portchester
Yrke birøktar, tegneserieforfatter, romanforfattar, journalist, bloggar, manusforfattar, filmprodusent, skodespelar, skribent, science fiction-forfattar, filmregissør, lyrikar, TV-forfatter
Sjanger fantasy, skrekklitteratur, science fiction, dark fantasy, komedie, feministisk science fiction
Religion ateisme
Far David Gaiman
Ektefelle Amanda Palmer
Signatur
Neil Gaiman på Commons

Neil Gaiman er opphavleg frå England, men er seinare busett nær Minneapolis i Minnesota i USA.

Liv og virke endre

Etter ei rekkje avslag frå forlaga satsa Gaiman på journalistikk i håp om å skaffa seg inspirasjon og eit nettverk som kunne hjelpa han til utgjeving seinare. I denne perioden skreiv han den fyrste boka si, ein biografi om bandet Duran Duran, og ei rekkje artiklar for Knave magazine. Seint i 1980-åra skreiv han Don't Panic: The Official Hitchhikers Guide to the Galaxy Companion, etter eige utsegn i «klassisk engelsk humoristisk stil». Denne boka skulle seinare leia til eit samarbeid med Terry Pratchett om romanen Good Omens, ei humoristisk forteljing om ein apokalypse.

Teikneseriar endre

På 1980-talet utvikla han òg ein vennskap med den berømte teikneserieskaparen Alan Moore. Dette gjenoppliva Gaiman sin ungdomskjærleik for teikneseriar, og han byrja å skapa sine eigne. Han innleidde eit samarbeid med teiknaren og illustratøren Dave McKean, noko skulle resultera i ei rekkje teikneseriar: Violent Cases (1987), Black Orchid Signal to Noise (samla utg. 1992) og Mr. Punch (1994).

Han har skrive ei rekkje ulike teikneseriar for ulike utgjevarar, men den meste kjende er utan tvil The Sandman, ei soge om til Morpheus, kongen av draumar. Serien blei ein liten kulturell sensasjon, og fekk både ein entusiastisk tilhengarskare og gjorde teikneseriar interessante for nye lesegrupper. Serien byrja i 1988 og slutta i 1996, ikkje på grunn av manglande publikumsoppslutning, men fordi Gaiman var ferdig med historia si. Dei 75 utgåvene av teikneserien er blitt samla i 10 bøker som har kome ut i fleire opplag og stadig oppnådd gode salstal. Gaiman har òg skrive dei to miniseriane Death: The High Cost of Living og Death: The Time of Your Life om systera til Sandman, Død. Begge var illustrerte av Chris Bachalo.

I 1990 tok Gaiman over som forfattar av Miracleman etter Alan Moore, men etter at forlaget Eclipse Comics gjekk konkurs og ein langvarig rettstvist om rettane til serien kunne ikkje Gaiman fullføra denne. I 1993 skreiv Gaiman eit nummer av Todd McFarlane sin serie Spawn. Her introduserte han figuren Angela, som han òg har skrive ein miniserie om.

I 1991 gav Gaiman ut The Books of Magic, ein miniserie i fire delar som var illustrert av John Bolton, Charles Vess, Paul Johnson og Scott Hampton. Historia finn stad i dei mytologiske og magiske delane av DC Comics sitt teikneserieunivers, og figurar som Doctor Occult, John Constantine, the Phantom Stranger og Mister E opptrer i serien. Sjølve rammeforteljinga er om ein engelsk tenåringsgut utpeika av skjebnen til å bli den største trollmannen i verda. Miniserien var så populær at han fekk ein avleggjar skriven av John Ney Reiber. Mange har notert likskapstrekka mellom protagonisten i serien, Tim Hunter, og den seinare og meir berømte Harry Potter.

I 2003 gav Gaiman ut miniserien 1602Marvel Comics. Serien var illustrert av Andy Kubert og handlar om Marvel sine superheltar i England på dronning Elisabeth I si tid. I miniserien The Eternals (2006) tok Gaiman og teiknaren John Romita jr. for seg eit av Jack Kirby sin mytologiske superheltkonsept frå 1970-åra. Gaiman har òg skrive manuskriptet til ein teikneserie om Alice Cooper kalla The Last Temptation (teikna av Michael Zulli).

Andre verk endre

 
Neil Gaiman og Amanda Palmer (Wien 2011)

Gaiman skriv òg songtekstar, dikt og romanar. Han har skrive TV-serien Neverwhere for BBC, som han seinare skreiv om til romanform. Han skreiv manus til filmen MirrorMask i samarbeid med Dave McKean. I tillegg har han skrive det engelske manuset til animefilmen Princess Mononoke. Gaiman skreiv manuskriptet til Robert Zemeckis sin film Beowulf. Gaiman si bok Coraline er blitt filmatisert av Henry Selick. Det er òg laga film basert på den illustrerte kortromanen Stardust.

Tv-serien Lucifer (2016–2021) byggjer på djevelfiguren frå Sandman. American Gods blei sendt som tv-serie frå 2017 til 2021. Gaiman skreiv manus til ein TV-serieversjon av Good Omens, som blei vist i 2019. Hausten 2022 hadde Sandman premiere på Netflix.[4]

Gaiman har òg skrive ei rekkje romanar, mange av dei i sjangeren fantastisk litteratur, og retta mot barn og ungdom.

Prisar og utmerkingar endre

Gaiman vann ein World Fantasy Award i 1991 for Sandman-utgjevinga A Midsummer Night's Dream. I 2002 fekk han ein Hugo Award og ein Nebula Award for American Gods. Coraline vann Best Novella Award i 2003, og i 2004 vann novella «A Study in Emerald» ein ny hugopris.

Aktivisme og vennskap endre

Gaiman er styremedlem og ein aktiv forkjempar for Comic Book Legal Defense Fund. Han har jamleg vore med i aksjonar for å samla inn pengar for gruppa. Til dømes laga han Snow, Glass, Apples og gav rettane til CBLDF.

På byrjinga av 1990-talet utvikla Gaiman ein tett vennskap med låtskrivaren og artisten Tori Amos, lenge før ho blei berømt. Han blir difor stadig nemnd på minst ein låt på fleire av albuma hennar. Han har skrive forord til fleire av turnéprogramma hennar i tillegg til noveller inkludert på plata Strange Little Girls. Nokre døme på tekstar der Gaiman blir nemnt er: «If you need me, me and Neil'll be hangin' out with the dream king/Neil said hi, by the way» (Tear In Your Hand, 1992); «Where's Neil when you need him?» (Space Dog, 1994); «Will you find me if Neil makes me a tree?» (Horses, 1996) – Gaiman skreiv om eit snakkande tre baserte på Amos – «Where are the Velvets?» (Hotel, 1998) – «The Velvets» er vampyrliknande figurar frå Gaiman sin roman Neverwhere – «Get me Neil on the line, have him read Snow, Glass, Apples» (Carbon, 2002).

Bibliografi endre

Teikneseriar endre

Prosa endre

(inkluderer bøker med illustrert tekst i motsetning til teikneserieformat)

Audio endre

  • Warning Contains Language (1995) (historier lesne av Gaiman, musikk av McKean)
  • Signal to Noise (2000) (høyrespel med full besetning og musikk)
  • American Gods (2002) (lesen av George Guidall)
  • Coraline (2002) (amerikansk utgåve lesen av Gaiman, britisk utgåve av Dawn French)
  • Two Plays for Voices (2002) (Snow, Glass, Apples and Murder Mysteries med full besetning og musikk)
  • Telling Tales (2003) (Neil forteller: A Writer's Prayer; Harlequin Valentine; Boys and Girls Together; The Wedding Present, og In The End. Perkusjon av Robin Adnan Anders)
  • Gaiman sine tekstar og medverknad finst òg på:

Prisar og utmerkingar (utval) endre

  • 2010 – Carnegie Medal

Kjelder endre

  1. Fødd som Neil Richard Gaiman, med «MacKinnon» lagt til då han blei gift med Amanda Palmer. «Wedding: Palmer — Gaiman», Lexington Minuteman, 14. januar 2011, arkivert frå originalen 12. oktober 2013 
  2. Press Association (26. desember 2013). «Neil Gaiman novel wins Book of the Year». The Guardian. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 27. desember 2013. 
  3. «The Ocean at the End of the Lane at the Duke of York's Theatre». 12. februar 2020. 
  4. Holen, Øyvind (8. november 2022). «Neil Gaiman». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Neil Gaiman