Nejc Pečnik

slovensk fotballspelar

Nejc Pečnik (fødd 3. januar 1986 i Dravograd i Slovenia) er ein slovensk fotballspelar som har spela for Nacional i den portugisiske fotballigan. Han har òg landskampar for Slovenia. Han debuterte for A-landslaget 1. april 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Nord-Irland. 10. oktober 2009 skåra han det første landslagsmålet sitt i ein VM-kvalifiseringskamp mot Slovakia. 14. november same året skåra han det viktige bortemålet til Slovenia under playoff-kampane mot Russland, då Slovenia tapte 1-2 i Moskva. Då dei vann heimekampen 1-0, kvalifiserte dei seg til fotball-VM i Sør-Afrika, der Pečnik var med i troppen. Storebroren hans, Andrej, er òg ein profesjonell fotballspelar med landskampar for Slovenia.

Nejc Pečnik
Personleg informasjon
Fødd 3. januar 1986
Fødestad Dravograd Jugoslavia
Høgd 189 cm
Posisjon Midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Nacional
Nummer 10
Ungdomsklubbar
-2002 Dravograd
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-09
2008-09
2009-
Celje
Tsjekkia Sparta Praha (lån)
Portugal Nacional
119 (21)
4 (0)
24 (2)
Landslag
-
2009-
Slovenia U21
Slovenia
11 (2)
8 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. mai 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 10. juni 2010

Bakgrunnsstoff

endre