Neri Valen

norsk politikar

Neri Valen (26. september 18934. januar 1954) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Bø i Telemark i periodane 1931-45 og 1950-54. Han var i alle år medlem i partiet Venstre.

Neri Valen
Fødd 26. september 1893

Død 4. januar 1954
Parti Venstre

Liv og gjerningEndra

Far hans var lensmann og gardbrukar. Sjølv tok han studenteksamen i 1912 og vart landbrukskandidat frå Noregs Landbrukshøgskule i 1915 og skogbrukskandidat 1917. Dei to neste åra var han rasjoneringsinspektør i Telemark, før han var på studiereise i USA. I 1919 tok han over gardsdrifta av farsgarden Valen i Bø, og dreiv denne til han døydde.

Valen var medlem av heradsstyret frå 1919 til 1931. Han var ordførar 1922-25 og varaordførar 1925-31. Elles var han formann i Telemark landbruksselskap frå 1919 og Kornrådet frå 1929. I 1941 vart han fjerna frå begge desse verva av NS-styret, men var frå krigsslutt i 1945 på ny leiar i landbruksselskapet til 1947 og for Kornrådet til han døydde. Han vart oppnemnd til formann i Jordlovnemnda av 1935 og i Granskingsnemnda om jordbrukstiltak av 1939. På avlssida var han formann i Landslaget for telemarkfe frå 1921 og i Landslaget for storfeavl frå 1948, også desse posisjonane hadde han til døden kom.

Valen representerte Venstre og Telemark fylke på Stortinget i tingbolkane 1931-33, 1934-36, 1937-45 og 1950-53. Hausten 1953 vart han attvald for ein ny periode, men døydde på nyåret i 1954, nett same veka stortinget tok til på ein ny sesjon. Han var parlamentarisk leiar i Venstre frå 1935 til -45 og frå 11. januar 1951 til han døydde. Valen var 1950-52 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen og nestformann i same komiteen frå oktober 1952.

KjelderEndra