Nerodimkaelva
Nerodimka (serbisk Неродимка) er ei elv i regionen Nerodimlje i Kosovo og ei 41 km lang sideelv til Lepenac frå venstre. Nerodimka er kjend for forgreiningane som oppstår i elva.
Nerodimka (Неродимка) | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 229 km² | ||
Lengd | 41 km | ||
Kjelde | Fjellet Nerodimka i Kosovo | ||
Munning | Lepenac ved Kačanik | ||
![]() Nerodimkaelva | |||
Wikimedia Commons: Nerodimka (river) | |||
Nerodimka spring ut frå to småelvar, ei renn frå fjellet Nerodimka, og den andre frå fjellet Crnoljeva. Elva renn først nordover, mellom dei to fjella og inn i regionen Nerodimlje. Ho renn så over den sørlege delen av Kosovosletta. På 1400-talet, under regjeringstida til kong Milutin, vart det grave ein kanal til Sazlijavatnet og elva Nerodimka. Frå Sazilija renn elva Sitnica. Dette skapte ei spesiell forgreining, sidan Nerodimka langs den naturlege elveleia renn ut i Lepenac, som er ein del av nedslagsfeltet til Egearhavet, medan Sitnica er ei sideelv til Ibar som høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet. Etter den andre verdskrigen vart kanalen fylt att, sidan han ikkje vart vedlikehalde og det samle seg opp gjørme.
Nerodimka renn forbi byen Uroševac og munnar ut i Lepnac ved Kačanik. Nedslagsfeltet hennar er på 229 km².
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Nerodimka River» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: