Nerthus er nemninga på ei skandinavisk morgudinne som vart dyrka i bronsealderen. Ho var rekna som gudinne for grøde og gode år. Namnleg og tradisjonelt er ho rekna som forlaupar for vaneguden Njord. Dekninga for dette ligg i namnelikskapen.

«Nerthus» (1905) av Emil Doepler.

Nerthus er først skildra av Tacitus, som fortel korleis gudinna vart ført ikring i ei vogn, og vart vaska rituelt i ein heilag lund på "ei øy i havet". Denne øya reknar nokon til å vera anten Danmark eller søre Sverige. Denne skildringa er samført med arkeologiske funn frå området, helleristingar og myrlik. Det er mogleg at Nerthus-dyrkinga har samanheng med dyrkinga av Magna Mater i søre Europa på same tid (dei første hundreåra etter Kristi byrd).

Namn endre

Det er mange teoriar hefta til namnet på gudinna. Nokre meiner det skriv seg frå eit gamalt keltisk ord, Nertos, som tyder styrke eller kraft. Andre hevdar namnet er knytt til eit gamalt gresk ord for underjordisk, Nerteroi. I dag hallar mange mot den "keltiske" teorien. Då lyt og Nerthus anten ha keltisk opphav, eller at gudinna har vore dyrka så langt attende at proto-germansk og proto-keltisk myte har vore mest eins, før dei skilde lag.

Skildringa hjå Tacitus endre

Tacitus skildrar korleis gudinna er ført i ei vogn som er dekt av klede, for at ho ikkje skal vera å sjå. Berre presten har lov til å røre ved vogna. Presten fører gudinna (eller gudebiletet), og vogna er ført av kyr. Når gudinna kjem, er det fred, og alle let våpna sine ligge. Vogna, kleda og sjølve gudinna vert vaska i ei tjørn som ligg løynd - dit kjenner berre presten vegen. Sjølve vasken er gjort av trælar, som vert drukna når arbeidet er gjort. Tacitus nemner at desse trælane då er vigde til dauden når dei får oppdraget sitt.

Mange av dei skandinaviske myrfunna (Tollundmannen, Grauballemannen og andre), er samførte med denne skildringa av forskarar. Dei er ofte funne med reip om halsen, og nakne. Etter Tacitus er desse då drukna trælar som har vaska gudinna. Mageinnhaldet deira tyder på at dei har ete eit siste måltid av slikt ein kan finne tidleg på våren, den tida det har vore skikk å føre gudinna fram (eit våroffer).

Samanstilling med Njord endre

Det er allmenn semje om at Njord og Nerthus er knytt til kvarandre språkleg. Samstundes ser ein at Njord er hankjønn, medan Nerthus er hokjønn. Dette er drøfta på ulike vis. Mellom anna kan ein minne om at morgudinna ofte opptrer i eit guddommeleg par, der guden står for dei mannlege sidene av guddommen. Det er funne både mannlege og kvinnelege gudebilete frå bronsealder og tidleg jarnalder. For det andre er det fortald at vanene ekta sine eigne søstrer, slik at Frøy og Frøya er eit tilsvarande gudommeleg par, og det er sagt at Njord fekk dei med si eiga søster (Nerthus). Alternativt har guddommen vore tvikjønna. I løpet av åra som gjekk mellom Tacitus og vikingtida har Njord-kulten vokse fram og det mannlege aspektet teke plassen til det kvinnelege.

Arkeologiske prov endre

Frå bronsealderen og frametter er det funne ei rekkje rituelle vogner i ulike skap, mange av dei i danske myrar. Saman med vognene finst det leirkjørel og reiskap som er knytt til kvinnearbeid. Det er og funne ein køyrestol. Funna er gjort i myrlende som har vore rekna som offerstader. Slik er og myrfunna samførte med kulten. Det er og funne ein stor bronsekjel i Rynkeby i Danmark, der ein kan sjå gudinna køyre, og dette biletet finst og på Gundestrupkjelen.

Kjelder endre

  • Tacitus: Germania.
  • Marianne Görman: Nordiskt og keltiskt, sydskamdinavisk religion under yngre bronsalder och keltisk järnalder.