Nervión er ei elv nord i Spania som renn gjennom byen Bilbao og ut i Biscayabukta. Den siste del av elva vert òg kalla Bilbaoestuaret frå staden der Ibaizabalkanalen munnar ut i elva og ut til havet.

Nervión
elv
Nervión i Bilbao
Land  Spania
Nedslagsfelt 1 900 km²
Lengd 72 km
Middelvassføring 9,6 /s
Kjelde Sierra Salbada i Álava
 - høgd 1 000 moh.
Munning Bilbaoestuaret
Kart
Nervión
43°19′32″N 3°01′10″W / 43.325505555556°N 3.0193722222222°W / 43.325505555556; -3.0193722222222
Wikimedia Commons: Nervión River
Delikakløfta og fossen.

Geografi endre

Elva er 72 km lang frå kjelda ved grensa mellom provinsane Burgos og Alava til havet og renn frå sør til nord. Like etter kjelda dannar elva ein 300 meter høg foss i Delikakløfta (Alava) og renn inn i provinsen Bizkaia etter å ha passert byen Orduña. Ho renn inn i Alava igjen gjennom byane Amurrio og Llodio. Elva renn så igjen inn i Bizkaia fram til ho munnar ut i Biscayabukta. Ho renn inn i storbyområdet til Bilbao ved Ugao-Miraballes. Tidvatnet påverkar elva 15 km innover frå munningen, ved gamlebyen i Bilbao.

Dei største sideelvane hennar er:

Ibaizabal vert stundom rekna som ei like viktig elv, så systemet vert ofte kalla Nervion-Ibaizabal og den siste delen berre Bilbaoestuaret. Elva har eit nedslagsfelt på 1900 km².

Kontrovers endre

Trass i at det spanske namnet er mykje i bruk i dag, er det tradisjonelle namnet på strekket mellom estuaret og Basauri, der både Ibaizabal og Nervión renn, Ibaizabal (som tyder «vid elv» på baskisk) i følgje historiske kjelder frå 1000-talet. Forfattaren Miguel de Unamuno (1864-1936) frå Bilbao, og borgarmeisteren i Bilbao, Javier Ybarra (1913-1977), kalla begge elva Ibaizabal. Geologiske og hydrologiske data støttar òg dette.[1]

Historie og økonomi endre

Frå antikken har Orduñapasset knytt indre område av Spania til Nerviondalen og vore økonomisk viktig. I mellomalderen var elva den naturlege grensa mellom herredømet Biscaya og grevskapet Castilla, og skatten vart innkravd her. Gjennom hundreåra har Nerviondalen vore ein viktig transportveg mellom Bilbao og resten av Spania. Jernbanen til Bilbao vart bygd gjennom dalen i 1870.

Samstundes utvikla Bilbao seg til eit viktig handelssenter med ei av dei viktigaste hamnene på nordkysten av Spania. Hamna ligg 15 km oppover i elva.

I dag er ikkje Nervión like økonomisk viktig, sidan det er bygd ei ny hamn ute ved kysten.

Miljø endre

Etter eit hundreår med intens industriaktivitet ved elva, særleg dei siste 25 km av ho, var elva økologisk død med oksygennivå 20 % under det normale, og var ei av dei mest forureina elvane i verda. I 1990 sette dei lokale styresmaktene i gang planar for å betre tilhøva i elva, noko som har ført Nervion til ei langt reinare elv som igjen har fått eit rikt dyreliv.

Kjelder endre

  1. «Bilboko itsasadarra ibai zabala da». Santurtziko Udal Euskaltegia. Henta 11. mai 2009.  (baskisk)

43°19′31.82″N 3°01′09.74″W / 43.3255056°N 3.0193722°W / 43.3255056; -3.0193722