Nes kyrkje i Sogn
kyrkje i Luster i Sogn
Nes kyrkje står på Nes ved Lustrafjorden i Luster kommune i Vestland og er ei langkyrkje i tre frå 1836. Ho vart sett opp etter typeteiking laga av Hans Ditlev Franciscus Linstow. I 1909 vart kyrkja mykje ombygd, og fekk mellom anna nytt tårn, våpenhus og sakresti. Då fekk ho òg ny altertavle måla av Isak Refsnæs.
Nes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Bjørn Erik Pedersen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sogn | ||
Sokn | Nes | ||
Fellesråd | Luster | ||
Stad | Nes | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Hans Ditlev Franciscus Linstow | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1836 | ||
• Endringar | Stor omvøling i 1909 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 110 | ||
Nes kyrkje i Sogn 61°23′11″N 7°22′00″E / 61.3864°N 7.36667°E | |||
Wikimedia Commons: Nes kyrkje (Luster) |
Dagens kyrkje erstatta ei stavkyrkje frå 1300-talet som då vart riven. Preikestolen, døypefonten og tre kyrkjeklokker i dagens kyrkje er frå stavkyrkja. I Bergen Museum er to alterfrontalar og eit krusefiks frå stavkyrkja, og ein meiner at døypefonten i Dale kyrkje òg har stått i Nes stavkyrkje tidlegare.
Nes kyrkje er soknekyrkje i Nes sokn i Sogn prosti.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Nes kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Nes kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Arkivert 2016-08-17 ved Wayback Machine. (på Allunne.no)
- Sigurd Muri (1971). Norske kyrkjer. Oslo: Samlaget. ISBN 82-521-1726-0.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Nes kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Nes kyrkje på nettstaden til Nasjonalbibliotektet
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Nes kyrkje, Nes». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 351. ISBN 82-7527-022-7.
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Nes kyrkje i Sogn i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Nes kyrkje i Sogn». Kirkesøk. Den norske kyrkja.