Nettlesaren Opera
Denne artikkelen treng oppdatering. |
Opera er ein nettlesar som vert utvikla av det norske selskapet Opera Software ASA. Selskapet tek sikte på -og gjennomførar- full kompatibilitet med dei fleste nemneverdige system og platformar, og dei seinare åra har dei i følgje delar av media vunne eit teknisk føresprang i kampen om nettlesarmarknaden for handheldte datamaskiner (til dømes Palm).
Opera | |
![]() | |
Skapar | Opera Software ASA |
---|---|
Utviklar | Opera Software |
Oppretta | 10. april 1995 |
Utgjeve | 1994 |
Nyaste versjon | 12.12 |
Utgjeve | 18. desember 2012 |
Operativsystem | Linux (i386, PowerPC, Sparc), Mac OS X, Solaris (Sparc, Intel) og Windows. |
Lisens | Properitær (patentfri) |
Nettstad | http://www.opera.com/ |
Til Mac OS X/PC kjem nettlesaren på eit utal språk (men ikkje lenger nynorsk[1]).
Opera var tidlegare reklamefinansiert, men frå september 2005 har Opera vore gratis (utan reklame). Kundar som ønskjer støtte kan kjøpe det frå selskapet.
Opera har òg, i tillegg til å vere ein nettlesar:
Kort historieEndra
Opera starta som eit utviklingsprosjekt i Telenor i 1992, med Jon S. von Tetzchner (Noverande sjef i Opera Software ASA) og Geir Ivarsøy. Sidan Telenor ikkje såg seg tent med å utvikle ein eigen nettlesar vart Opera Software tufta i 1995 for å vidareutvikle programvaren.
Selskapet dreiv på lenge i det små, men sidan 1999/2000 har selskapet satsa for fullt med utviding av staben, hard konkurranse på handheldt-marknaden og opne konfrontasjonar med Microsoft, som hittil har dominerer nettlesarmarknaden for PC.
MarknadsandelEndra
I fylje[2] har Opera har ein marknadsandel på rundt 2 % på verdsbasis, men på grunn av at eldre versjonar av Opera var innstillte til å identifisera seg som MS Internet Explorer er dette talet truleg for lågt. Grunnen til dette er at Microsoft aktivt har motarbeidd Opera ved å blokkera tilgang til mellom anna nettstaden MSN for andre nettlesarar enn sin eigen[3]. Ved å identifisera seg som MS IE kan andre nettlesarar omgå denne sperringa. Problemet med dette er at i oversyn over kva for nettlesarar som er mest populære ser ut som MS Explorer er meir populær enn han i røynda er. Operabrukarar kan endra innstillingae slik at nettlesaren identifiserer seg som Opera i menyen Verktøy | Snøgginstillingar. Nyare versjonar av Opera er innstilte til å identifisera seg som Opera[4].
KjelderEndra
- ↑ «Opera kjem ikkje lenger på nynorsk».
- ↑ Browser Statistics, W3 Schools.
- ↑ Wilcox , J. og Junnarkar, S., Microsoft backpedals on MSN browser block, Cnet News, 25/10 2001.
- ↑ Dahl, A.K., Opera ikke lenger identifisert som IE, hardware.no.