Nettmagasinet Folkepressen.no

Nettmagasinet Folkepressen.no (FP) er ei partipolitisk uavhengig norsk nettavis [1] for unge vaksne og ungdom. Sidan avisa vart opna i 2014 har ho opparbeidd seg ei lesarmengd på 5.000 daglege besøk. Nettmagasinet er eigd av Norsk Kunnskapsbevis AS.[2] Gilbert Borgen er grunnleggjar og ansvarleg redaktør.

Logo for Nettmagasinet Folkepressen.no

Innhald endre

Nettstaden er drifta og utvikla av berre to personar. Mange av artiklane vert skrivne av den vesle redaksjonen, men avisa er avhengig av at lesarane sjølve bidrar med å sende inn interessante saker. Folkepressen.no ønskjer også at unge som vil søkje jobb i media kan få erfaring som frivillige skribentar, fotografar eller kommunikasjonsrådgjevarar gjennom nettmagasinet.[3]

Med fokus på å reflektere interessene til nordmenn i alderen 15-30 skriv Folkepressen.no både humorsaker og artiklar som opplyser om samfunnstema som skal fange interessa til målgruppa. Artiklane kan omhandle tema som samfunnskritikk, naturvern, dyreliv, likestilling og generell folkeopplysning. Nettavisa har også som mål å inspirere til leseglede og publiserer difor bokmeldingar.[4]

Språk endre

Nettmagasinet Folkepressen.no si redaksjonelle målform er bokmål, men dei publiserer også artiklar på nynorsk. Artiklane inneheld ofte element frå eit meir ungdommeleg språk enn dei tradisjonelle avisene nyttar, t.d. låneord frå engelsk og norsk slang. Nettavisa ønskjer å vere eit norskspråkleg alternativ til engelskspråklege ungdomsnettstader.

Kjelder endre

  1. [1] Arkivert 2015-02-05 ved Wayback Machine., Folkepressen.no - Infosenter
  2. [2] Arkivert 2015-02-06 ved Wayback Machine., Norsk Kunnskapsbevis AS - Få erfaring som skribent med Folkepressen.no
  3. [3] Arkivert 2015-02-06 ved Wayback Machine., Folkepressen.no - Frivillig skribent
  4. [4] Arkivert 2015-02-05 ved Wayback Machine., Gyldendal.no - Primitve Pungdyr