Nevado Sajama er det høgaste fjellet i Bolivia med ei høgd på på 6542 moh. Det er også den nest høgaste vulkanen i verda og det fjerde høgaste fjellet i Sør-Amerika. Nevado Sajama ligg i Andesfjella, og høyrer til nasjonalparken Sajama på sørvestgrensa mot Chile. Siste utbrot fann stad for om lag 10 000 år sidan. Toppen er dekt av ein iskappe, slik at vulkankrateret ikkje er synleg.

Nevado Sajama

Første gong nokon klatra opp på fjellet var i 1939 av Joseph Prem.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre