New Riders of the Purple Sage

New Riders of the Purple Sage er eit USA-amerikansk countryrockband. Gruppa oppstod frå det psykedeliske rockemiljøet i San Francisco i California i 1969, og den originale besetninga bestod av fleire medlemmar frå Grateful Dead.[1] Bandet er stundom kalla New Riders eller NRPS.

New Riders of the Purple Sage
New-Riders-of-the-Purple-Sage-01.jpg
New Riders of the Purple Sage i 2015. Venstre til høgre: Buddy Cage, Michael Falzarano, Johnny Markowski, David Nelson, Ronnie Penque.
OpphavSan Francisco i, California
Aktiv1969–97, sidan 2005
SjangerCountryrock
Tilknytte artistarGrateful Dead, Peter Rowan, Donna Jean Godchaux, Robert Hunter, David Nelson Band
PlateselskapColumbia, MCA, A&M, Relix
MedlemmerDavid Nelson
Buddy Cage
Michael Falzarano
Ronnie Penque
Johnny Markowski
Tidlegare medlemmerJohn Dawson
Jerry Garcia
Mickey Hart
Bob Matthews
Robert Hunter
Phil Lesh
Dave Torbert
Spencer Dryden
Skip Battin
Stephen A. Love
Patrick Shanahan
Allen Kemp
Bobby Black
Michael White
Billy Wolf
Val Fuentes
Rusty Gauthier
Greg Lagardo
Gary Vogensen
Fred Campbell
Evan Morgan
Bill Laymon

HistorieEndra

Opphav: tidleg 1960-åra til 1969Endra

Røtene til The New Riders kan sporast attende til tidleg i 1960-åra og vise- og beatnik-miljøet i San Francisco-området kring Stanford University, der den framtidige Grateful Dead-gitaristen Jerry Garcia ofte heldt konsertar med gitaristen David Nelson. Ein ung John Dawson (òg kjend som Marmaduke») spelte òg på somme av konsertane med Garcia, Nelson og venen deira då han på sommarferie vitja slektningar. Dawson var begeistra for Bakersfield-stilen innan country og fekk dei eldre venene sine til å like Merle Haggard og Buck Owens.

Inspirert av amerikansk folkemusikk, rock and roll og blues, skipa Garcia Grateful Dead (først kalla The Warlocks) med bluessongaren Ron «Pigpen» McKernan, medan Nelson vart med i eit liknande band kalla New Delhi River Band (som sidan kom til å inkludere bassisten Dave Torbert) like etter. Sjølv om dei mangla leiingsmessig innsikt og den kulturelle statusen til Grateful Dead, og valte å bli verande i East Palo Alto i motsetnad til Grateful Dead, som etter kort tid flytta til Haight-Ashbury-området i San Francisco. The New Delhi River Band vart seint i 1966 rekna som husbandet på The Barn, ein av få levedyktige konsertstader utafor San Francisco, i Scotts Valley i California. Gruppa fekk kultstatus i Santa Clara og Santa Cruz under Summer of Love før dei vart oppløyste tidleg i 1968.

Etter ein inaktiv periode, spelte Nelson på Grateful Dead-albumet Aoxomoxoa (1969) og passa på øvingslokalet til Big Brother and the Holding Company, medan gitaristen Peter Albin og trommeslagaren David Getz drog på ein europeisk turné med Country Joe & the Fish etter at Janis Joplin og Sam Andrew slutta frå det førstnemnde bandet i desember 1968. I denne perioden spelte Nelson og Garcia stundom i ei tidleg utgåve av High Country, eit tradisjonelt bluegrassband skipa av restane av visemiljøet kring San Francisco.

Dawson, som slutta på Occidental College i desember 1965 og vart verande i Los Angeles i fleire år etter, og «hengde med musikarar og raringar», hadde kome attende til Los Altos Hills tidleg i 1969, og kunne spele på Aoxomoxoa-innspelingane. Samstundes gjekk han ei kort stund på Foothill College.[2][3] Etter ei oppleving med meskalin i Pinnacles National Park med Torbert og Matthew Kelly, byrja han å skrive songar på fast basis.[2] Somme av songane (som «Glendale Train» og «I Don't Know You») var tradisjonelle country-pastisjar. Fleire andre («Last Lonely Eagle», «Garden of Eden» og «Dirty Business») var ei «psykedelisk country»-blanding liknande det heilt nye bandet til Gram Parsons, Flying Burrito Brothers. «Henry», ein tradisjonell shuffle med moderne tekst om marihuanasmugling, vart òg skriven på denne tida.

Visjonen til Dawson var føregåande, sidan countryrocken oppstod i 1969 via Bob Dylan, The Band, The Flying Burrito Brothers, Dillard & Clark og Clarence White-perioden med The Byrds. På denne tida vart Garcia på liknande vis inspirert til å lære seg å spele pedalsteelgitar, og ei uformell besetning med Dawson, Garcia og den erfarne visemusikaren Peter Grant (på banjo) byrja å spele på kafear og hofbrau-konsertar i lag då Grateful Dead ikkje turnerte. Repertoaret deira omfatta country-standardar, tradisjonelle bluegrass-songar, originale songar av Dawson og eit par songar av Dylan («Lay Lady Lay», «You Ain't Goin' Nowhere», «Mighty Quinn»). Sommaren 1969 valte dei å gjere det til eit fast band og David Nelson vart henta inn for å spele sologitar.

I tillegg til Nelson, Dawson (på akustisk gitar) og Garcia (på pedalsteelgitar), bestod den originale besetninga i det som kom til å bli The New Riders of the Purple Sage (som synte til det Foy Willing-leia Western swing-bandet frå 1940-åra kalla Riders of the Purple Sage, som igjen tok namnet sitt frå ein Zane Grey-roman) av Bob Matthews på elektrisk bass og Mickey Hart frå Grateful Dead. Bassisten Phil Lesh spelte òg sporadisk med bandet som erstattar for Matthews mot slutten av året, som ein kan høyre på demoar spelte inn seint i 1969. Tekstforfattaren Robert Hunter øvde ei kort stund med bandetpå bass tidleg i 1970, før han vart Torbert fekk fast plass i bandet i april det året.[4] Den mest kommersielt suksessrike utgåva av The New Riders kom til å bestå av Dawson, Nelson, Torbert, Spencer Dryden og Buddy Cage.

Gullalderen til NRPS: 1969–82Endra

Etter eit par oppvarmingskonsertar i Bay Area i 1969, byrja Dawson, Nelson og Torbert å turnere i mai 1970 som ein del av «An Evening with the Grateful Dead». Ein akustisk del av konserten til Grateful Dead vart ofte framført i lag med Dawson og Nelson og glei over i ein del med New Riders og ein elektrisk del av Grateful Dead.

Då The New Riders skulle spele inn det første albumet sitt seint i 1970, var det endringar i lufta. Hart slutta mellombels i The Grateful Dead i februar 1971. Sjølv om han bidrog til to spor på albumet, var det den tidlegare trommeslagaren i Jefferson Airplane, Spencer Dryden, som erstatta Hart i The New Riders før han slutta i Grateful Dead. Dryden vart verande med gruppa i ti år, før han gjekk over til å bli manager for dei.

Debutalbumet deira var sjølvoppkalla og kom ut på Columbia Records (i eit ledd i ein langtidsplan av Clive Davis om få signert Grateful Dead) seint i 1971. Det vart ein moderat suksess samanlikna med Grateful Dead-utgjevingane på denne tida, og nådde 39. plassen på Billboard 200-lista.[1] Alle songane på plata var skrivne av Dawson og drivne fram av pedalsteelgitaren til Garcia.

Då The New Riders ønskte å bli ei meir sjølvdriven gruppe og Garcia måtte fokusere meir på andre ting, gjekk han ut av gruppa i november 1971. Den erfarne pedalsteelgitaristen Buddy Cage vart så henta frå Ian and Sylvia sitt Great Speckled Bird for å erstatte Garcia. Det andre albumet deira, Powerglide (1972), var det første med denne besetninga. Plateomslaget på Powerglide bestod av ein karikaturteikning av bandet, teikna av Lore Shoberg.

I 1973 kom The Adventures of Panama Red der Nelson song ein versjon av Peter Rowan-songen «Panama Red» som gjekk jamt og trutt på FM-radio. Albumet nådde 55. plassen på Billboard-lista[1] og sjølv om det selde langsamt, var det til slutt det bestseljande albumet deira og hadde i 1979 selt til gullplate.

I midten av 1970-åra brukte Radio Caroline songen «On My Way Back Home» frå Gypsy Cowboy som kjenningsmelodi for stasjonen. Songen passa fint det album-orienterte formatet til stasjonen på den tida, og inneheld teksten «Flying to the sun, sweet Caroline».

New Riders of the Purple Sage fortsette å turnere og gje ut album gjennom 1970- og tidleg i 1980-åra, men ingen av albuma etter New Riders (1976) gjekk inn på Billboard 200 i kontrast til suksessen til outlaw country-rørsla (med til dømes Willie Nelson og Waylon Jennings) fekk på denne tida og den andre bølgja av countryrockgrupper som Eagles, Pure Prairie League og Firefall. Bandet fortsette å varme opp for fleire konsertar med Grateful Dead og Jerry Garcia Band i 1977 og 1978, mellom anna på den siste konserten før Winterland Ballroom vart lagt ned den 31. desember 1978.

I 1974 slutta Torbert i NRPS. Han og Matthew Kelly hadde skipa bandet Kingfish i lag (mest kjend for at Bob Weir var med då Grateful Dead hadde pause frå seint i 1974 til midten av 1976). Han vart erstatta av Skip Battin (tidlegare i Skip & Flip og i The Byrds tidleg i 1970-åra), som etter kort tid vart den kreative krafta i bandet. Han skreiv mange songar i lag med den kontroversielle Hollywood-impresarioen Kim Fowley. Stephen A. Love frå Rick Nelson sitt Stone Canyon Band og Roger McGuinn Band erstatta Battin etter han slutta i gruppa for å bli med i eit sameina The Flying Burrito Brothers i 1976. Kort tid etter gav Spencer Dryden seg som musikar i gruppa for å bli manageren deira i staden i 1977. Erstattaren hans i bandet var Patrick Shanahan. Allen Kemp kom inn i bandet på bass i 1978 før han etter kvart tok steget fram som dels frontmann på gitar og vokal, og skreiv mange av songane deira for det siste albumet deira for eit større selskap, Feelin' All Right i 1981.[5]

I 1982 slutta Nelson og Cage i bandet, og Dawson var det einaste medlemmet att frå den klassiske besetninga.

New New Riders: 1982–97Endra

Frå tidleg i 1980-åra til seint i 1990-åra, fortsette Dawson som leiar i New Riders of the Purple Sage. Han fekk med seg bluegrass-musikaren Rusty Gauthier, som song og spelte akustisk gitar, slidegitar, mandolin, banjo og fele.[6] I denne femten år lange perioden var det ei besetning i stadig endring som spelte med Dawson og Gauthier i New Riders. Dette var mellom andre gitaristane Allen Kemp, Gary Vogensen og Evan Morgan, bassistane Fred Campbell, Bill Laymon og Michael White, og trommeslagarane Val Fuentes og Greg Lagardo.

Somme prosjekt bestod av nytt materiale, medan andre var nyinnspelingar av gammalt materiale. På somme album, som Midnight Moonlight, var stilen deira mindre påverka av elektrisk countryrock og meir av akustisk bluegrass.

Pause: 1997–2005Endra

I 1997 var The New Riders of the Purple Sage oppløyst. Dawson trekte seg frå musikkindustrien og flytta til Mexico for å bli engelsklærar. På denne tida skipa Nelson sitt eige David Nelson Band. Bandet kom saman for ein konsert i 2001. I 2002 fekk New Riders ein ærespris av magasinet High Times. Dei som tok i mot prisen var ein skrøpeleg Dawson (som leid av emfysem), Nelson, Cage, Dryden og enkja til Torbert, Patti. Bandet spelte «Panama Red» og «Lonesome LA Cowboy» med Peter Rowan som ein del av feiringa. våren 2004 deltok Cage på fleire konsertar med David Nelson Band.

NRPS på ny frå 2005Endra

Kort tid etter Spencer Dryden døydde, kom New Riders saman att for ei rekkje konsertar seint i 2005. Med i bandet var då David Nelson og Buddy Cage, i lag med gitaristen Michael Falzarano, bassisten Ronnie Penque og trommeslagaren Johnny Markowski.[7][8] Dei har gjeve ut konsertalbumet Wanted: Live at Turkey Trot, og to studioalbum, Where I Come From og 17 Pine Avenue.

Allen Kemp døydde 25. juni 2009.[9][10] John «Marmaduke» Dawson døydde i Mexico den 21. juli 2009, 64 år gammal.[11][12]

Pedalsteelgitaristen Buddy Cage døydde 5. februar 2020, 73 år gammal.

25. juni 2019 rapporterte The New York Times Magazine at New Riders of the Purple Sage var blant fleire hundre artistar som mista mange av innspelingane sine i Universal-brannen i 2008.[13]

DiskografiEndra

Studio- og konsertalbumEndra

Dato Tittel Billboard 200[14] Selskap Merknad
1971 New Riders of the Purple Sage 39 Columbia
1972 Powerglide 33 Columbia
1972 Gypsy Cowboy 85 Columbia
1973 The Adventures of Panama Red 55 Columbia USA: Gull[15]
1974 Home, Home on the Road 68 Columbia
1974 Brujo 68 Columbia
1975 Oh, What a Mighty Time 144 Columbia
1976 New Riders 145 MCA
1977 Who Are Those Guys? MCA
1977 Marin County Line MCA
1981 Feelin' All Right A&M
1986 Before Time Began Relix
1986 Vintage NRPS Relix
1989 Keep On Keepin' On Mu
1992 Midnight Moonlight Relix
1993 Live on Stage Relix
1994 Live in Japan Relix
1995 Live Avenue
2003 Worcester, MA, 4/4/73 Kufala
2003 Boston Music Hall, 12/5/72 Kufala
2004 Veneta, Oregon, 8/27/72 Kufala Nyutgjeve 2020 som Field Trip[16]
2005 Armadillo World Headquarters, Austin, TX, 6/13/75 Kufala
2007 S.U.N.Y., Stonybrook, NY, 3/17/73 Kufala
2007 Wanted: Live at Turkey Trot Fa-Ka-Wee
2009 Winterland, San Francisco, CA, 12/31/77 Kufala
2009 Where I Come From Woodstock
2012 17 Pine Avenue Woodstock
2013 Glendale Train Smokin'
2019 Thanksgiving in New York City Omnivore
2020 Bear's Sonic Journals: Dawn of the New Riders of the Purple Sage Owsley Stanley Foundation

SamlealbumEndra

Dato Tittel Selskap
1976 The Best of New Riders of the Purple Sage Columbia
1987 Take a Red [17] MCA
1991 L.A. Lady [18] Sony
1992 The Relix Bay Rock Shop, No. 1 Relix
1994 Wasted Tasters Raven
1995 Relix's Best of the Early New Riders of the Purple Sage Relix
1997 Relix's Best of the New New Riders of the Purple Sage Relix
2000 Ridin' with Panama Red Sony
2006 Cactus Juice Arcadia
2009 Very Best of the Relix Years Retro World
2011 Setlist: The Very Best of New Riders of the Purple Sage Live Legacy
2011 Instant Armadillo Blues Raven
2017 Original Album Classics [19] Sony

SinglarEndra

[20][21]

Dato Tittel Album Selskap
1971 «Louisiana Lady» / «Last Lonely Eagle» New Riders of the Purple Sage Columbia
1971 «I Don't Know You» / «Garden of Eden» New Riders of the Purple Sage Columbia
1972 «I Don't Need No Doctor» / «Runnin' Back to You» Powerglide Columbia
1972 «Dim Lights, Thick Smoke (And Loud, Loud Music)» / «Rainbow» Powerglide Columbia
1973 «Groupie» / «She's No Angel» Gypsy Cowboy Columbia
1973 «Panama Red» / «Cement, Clay and Glass» The Adventures of Panama Red Columbia
1974 «You Angel You» / «Parson Brown» Brujo Columbia
1976 «Fifteen Days Under the Hood» / «Don't Put Her Down» New Riders MCA
1976 «Dead Flowers» / «She's Looking Better Every Beer» New Riders MCA
1977 «Love Has Strange Ways» / «Red Hot Women and Ice Cold Beer» Who Are Those Guys? MCA
1977 «Just Another Night in Reno» / «Home Grown» Who Are Those Guys? MCA
1980 «Night for Making Love» / «Fly Right» Feelin' All Right A&M
1980 «No Other Love» / «Full Moon at Midnight» Feelin' All Right A&M

MedlemmarEndra

Det har vore mange medlemmar av The New Riders of the Purple Sag. Tabellen under syner ei noko forenkla utgåve av dei forskjellige besetningane bandet har hatt.[22]

1969–1970
1970
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Jerry Garcia – pedalsteelgitar
  • Dave Torbert – bassgitar
  • Mickey Hart – trommer
1971
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Jerry Garcia – pedalsteelgitar
  • Dave Torbert – bassgitar
  • Spencer Dryden – trommer
1971–1974
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Buddy Cage – pedalsteelgitar
  • Dave Torbert – bassgitar, vokal
  • Spencer Dryden – trommer
1974–1976
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Buddy Cage – pedalsteelgitar
  • Skip Battin – bassgitar
  • Spencer Dryden – trommer
1976–1977
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Buddy Cage – pedalsteelgitar
  • Stephen A. Love – bassgitar
  • Spencer Dryden – trommer
1977–1978
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Buddy Cage – pedalsteelgitar
  • Stephen A. Love – bassgitar
  • Patrick Shanahan – trommer
1978
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Buddy Cage – pedalsteelgitar
  • Allen Kemp – gitar, vokal
  • Patrick Shanahan – trommer
1978–1980
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Bobby Black – pedalsteelgitar
  • Allen Kemp – gitar, vokal
  • Patrick Shanahan – trommer
1980
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Bobby Black – pedalsteelgitar
  • Allen Kemp – gitar, vokal
  • Michael White – bassgitar
  • Patrick Shanahan – trommer
1980
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Buddy Cage – pedalsteelgitar
  • Allen Kemp – gitar, vokal
  • Michael White – bassgitar
  • Patrick Shanahan – trommer
1980–1981
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Buddy Cage – pedalsteelgitar
  • Allen Kemp – gitar, vokal
  • Patrick Shanahan – trommer
1981–1982
  • John Dawson – gitar, vokal
  • David Nelson – gitar, vokal
  • Buddy Cage – pedalsteelgitar
  • Allen Kemp – gitar, vokal
  • Billy Wolf – bassgitar
  • Patrick Shanahan – trommer
1982–1984
  • John Dawson – gitar, vokal
  • Rusty Gauthier – gitar og andre instrument, vokal
  • Allen Kemp – gitar
  • Billy Wolf – bassgitar
  • Val Fuentes – trommer
1984–1985
  • John Dawson – gitar, vokal
  • Rusty Gauthier – gitar og andre instrument, vokal
  • Allen Kemp – gitar, vokal
  • Michael White – bassgitar
  • Greg Lagardo – trommer
1985–1987
  • John Dawson – gitar, vokal
  • Rusty Gauthier – gitar og andre instrument, vokal
  • Gary Vogensen – gitar, vokal
  • Billy Wolf – bassgitar
  • Val Fuentes – trommer
1987–1990
  • John Dawson – gitar, vokal
  • Rusty Gauthier – gitar og andre instrument, vokal
  • Gary Vogensen – gitar, vokal
  • Michael White – bassgitar
  • Val Fuentes – trommer
1990–1993
  • John Dawson – gitar, vokal
  • Rusty Gauthier – gitar og andre instrument, vokal
  • Gary Vogensen – gitar, vokal
  • Fred Campbell – bassgitar
1993–1994
  • John Dawson – gitar, vokal
  • Rusty Gauthier – gitar og andre instrument, vokal
  • Evan Morgan – gitar, vokal
  • Bill Laymon – bassgitar
1997
  • John Dawson – gitar, vokal
  • Rusty Gauthier – gitar og andre instrument, vokal
  • Gary Vogensen – gitar, vokal
  • Fred Campbell – bassgitar
2005–present

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 694. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. 2,0 2,1 Dawson, John. «The Early Days of the New Riders». nrpsmusic.com. Henta 16. oktober 2020. 
  3. «Grateful Dead Family Discography: Aoxomoxoa». deaddisc.com. Henta 16. oktober 2020. 
  4. «New Riders Of The Purple Sage, Bassist: 1969-70». Lost Live Dead. 16. mars 2011. Henta 16. oktober 2020. 
  5. Thomson, Gus. «Auburn’s Allen Kemp Part of Rick Nelson, New Riders of Purple Sage Bands», Auburn Journal, 9. juli 2009
  6. Brown, Toni (June 1991). «New Riders of the Purple Sage Interview», Relix. Henta 7. mai 2014.
  7. Bonfiglio, Jeremy D. (16. desember 2010) «More Renaissance than Reunion»[daud lenkje], The Herald-Palladium. Henta 17. oktober 2020'
  8. Benson, John. (17. desember 2010) «New Riders of the Purple Sage Aren't Dead», The News-Herald. Henta 17. oktober 2020
  9. Thomson, Gus (9. juli 2009). «Auburn's Allen Kemp Part of Rick Nelson, New Riders of Purple Sage Bands». Auburn Journal. Henta 17. oktober 2020. 
  10. «Allen Kemp Obituary». Auburn Journal. 5. juli 2009. Henta 17. oktober 2020. 
  11. Liberatore, Paul (22. juli 2009). «John Dawson, a Founder of the New Riders of the Purple Sage, Dies at 64». Marin Independent Journal. Henta 17. oktober 2020. 
  12. Vaziri, Aidin (25. juli 2009). «Country Rock Musician John Dawson Dies». San Francisco Chronicle. Henta 17. oktober 2020. 
  13. Rosen, Jody (25. juni 2019). «Here Are Hundreds More Artists Whose Tapes Were Destroyed in the UMG Fire». The New York Times. Henta 28. juni 2019. 
  14. «New Riders of the Purple Sage Chart History». Billboard. Henta 17. oktober 2020. 
  15. «Gold & Platinum». RIAA (på engelsk). Henta 11. september 2019. 
  16. «New Riders of the Purple Sage: Field Trip». Omnivore Recordings. Henta 21. april 2020. 
  17. Ruhlmann, William. «Take a Red». AllMusic. Henta 23. november 2017. 
  18. «L.A. Lady». Grateful Dead Family Discography. Henta 6. januar 2018. 
  19. «Original Album Classics». Grateful Dead Family Discography. Henta 16. januar 2020. 
  20. «New Riders of the Purple Sage Discography: Singles». Grateful Dead Family Discography. Henta 18. januar 2020. 
  21. «New Riders of the Purple Sage Discography: Singles and EPs». Discogs. Henta 18. januar 2020. 
  22. «Archived copy». Arkivert frå originalen 16. april 2009. Henta 12. september 2009. 

BakgrunnsstoffEndra

Mal:Grateful Dead