New Super Mario Bros. U

New Super Mario Bros. U er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve til Wii U i november 2012 i Nord-Amerika og Europa, og i desember 2012 i Japan. Det er det fjerde spelet i New Super Mario Bros.-serien. Ein ekstra kampanje kom ut som nedlastbart innhald i 2013, kjent som New Super Luigi U. Denne kampanjen kunne også kjøpast som eit separat spel.[1]

New Super Mario Bros. U

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Masataka Takemoto
Produsent(ar)Takashi Tezuka
Hiroyuki Kimura
Komponist(ar)Mahito Yokota, Shiho Fujii
SerieSuper Mario, New Super Mario Bros.
Plattform(er)Wii U, Nintendo Switch
UtgjevingWii U
NA: 18. november 2012
EU: 30. november 2012
JP: 8. desember 2012
Nintendo Switch
11. januar 2019
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttp://newsupermariobrosu.nintendo.com
Del av serien Super Mario, New Super Mario Bros.⠀
New Super Mario Bros. 2, New Super Mario Bros. 2 · Super Mario 3D World, New Super Luigi U→

Spelet vart utgjeve til Nintendo Switch 11. januar 2019 under tittelen New Super Mario Bros. U Deluxe. Denne utgåva inkluderer både originalspelet og New Super Luigi U, i tillegg til ein ny spelefigur, Toadette.[2]

Kjelder endre

  1. «I år stråler Luigi i rampelyset». Gamer.no. 15. februar 2013. Henta 14. juli 2019. 
  2. «Desse spela gler vi oss til i januar». Gamer.no. Henta 14. juli 2019.