The New York Times

(Omdirigert frå New York Times)

The New York Times er ei amerikansk dagsavis utgjeven i byen New York og distribuert internasjonalt. Eigaren er The New York Times Company, som publiserer 15 andre aviser, mellom andre International Herald Tribune og The Boston Globe. NYT er den største bybaserte avisa i Sambandsstatane. Ho vert kalla «The Gray Lady» ('Den grå dama') for edrueleg utsjånad og stil, og vert ofte sett på som ein nasjonal newspaper of record, som tyder at ho ofte vert sett på som den offisielle og autorative referansen for nyare historie.

The New York Times

LandUSA
TypeDagsavis
Grunnlagd18. September 1851'"`uniq--ref-00000000-qinu`"'
EigararThe New York Times Company
Grunnlegger(ar)George Jones, Henry Jarvis Raymond
UtgjevarArthur Gregg Sulzberger[2]
Redaktør(ar)Joseph Kahn
Sjefredaktør(er)Joseph Kahn (juni 2022)[3]
SpråkEngelsk
Opplag443 000 (2019),[4] 1 122 400 (2000),[4] 1 132 000 (2003),[4] 1 103 600 (2006),[4] 648 900 (2014)[4]
HovudkvarterThe New York Times Building
ISSN0362-4331,[5] 1553-8095, 1542-667X
OCLC1645522
Nettstadhttps://www.nytimes.com (angloamerikansk)

Avisa har vunne 95 Pulitzerprisar,[6] meir enn noko anna avis.[7]

Den noverande utgjevaren er Arthur Ochs Sulzberger Jr., eit medlem av familien som har kontrollert avisa sidan Adolph Ochs kjøpte henne i 1896.

Ein New York times-reklame frå 1895.

Historie endre

The New York Times var etablert 18. september 1851 av journalisten og politikaren Henry Jarvis Raymond og den tidlegare bankmannen George Jones som New-York Daily Times. Avisa bytte namnet sitt til The New York Times i 1857. Avisa vart først utgjeven kvar dag utanom søndag, men under den amerikanske borgarkrigen tok Times (i lag med fleire andre større dagsaviser) til å publisere søndagsutgåver.

The New York Times har vore involvert i historiske hendingar som påverka USA, som domsavgjerda New York Times Co. vs. Sullivan og lekkasjen, dommen og skandalen rundt The Pentagon Papers.

Namnet, som med andre publikasjonar med liknande namn, vert ofte forkorta til the Times. Mottoet "All the News That's Fit to Print" er alltid vist i det øvre venstre hjørnet på forsida.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre