Opna hovudmenyen
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Newark (fleirtyding).

Newark er den største byen i delstaten New Jersey i USA, med rundt 280 000 innbyggjarar. Newark høyrer til storbyområdet knytt til New York by, og huser ein av dei fire flyplassane i New York-området, Newark Liberty International Airport. Byen har også djuphamn og er eit sentrum for handel og kommunikasjon.

Newark
Land Flag of the United States.svg USA
Stat New Jersey
Fylke Essex
Areal 67,3 km²
Folketal 277 140
Borgarmeister Cory Booker
Tidssone -5
Wikimedia Commons: Newark, New Jersey

New Jersey Institute of Technology frå 1881 og fleire avdelingar av Rutgers University ligg i Newark.

KjelderEndra

  • Newark: New Jersey (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 26. april 2014.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.