Newtonringar
Newtonringar eller Newtons ringar er farga ringar som kan sjåast gjennom ei konveks linse som ligg på ei plan glassplate, og kjem av interferens mellom lys som blir reflektert frå baksida av linsa og frå framsida av plata. Fenomenet kan ein òg små ved visning av lysbilete montert i ramme med glas, og dessutan ved arbeid med forstørringsapparat med glassplater i filmhaldaren. Ved å nytte svakt mattert glas i ramme eller filmhaldar kan effekten motverkast.
Kjelder
endre- newtonringer. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/newtonringer