Opna hovudmenyen

Nick Glennie-Smith

britisk komponist

Nick Glennie-Smith (fødd 3. oktober 1951) er ein engelsk filmmusikkomponist, mest kjend for arbeidet sitt med Hans Zimmer for filmen The Rock frå 1996, den historiske filmen Children of Glory frå 2006 og dramet Point of No Return frå 1993. Glennie-Smith har òg skrive musikk til filmane Home Alone 3, The Man in the Iron Mask, We Were Soldiers, Secretariat og Disney-filmen The Lion King II: Simba's Pride, Lauras Stern, Der kleine Eisbär 2 - Die geheimnisvolle Insel og A Sound of Thunder.

Nick Glennie-Smith
Fødd3. oktober 1951 (67 år)
FødestadLondon i England
OpphavStorbritannia
Aktiv1986 til i dag
SjangerFilmmusikk
InstrumentKlaverinstrument, orgel, piano, synthesizer, strykarar, gitar
Verka somMusikar, komponist, dirigent
Gift medJan Glennie-Smith

Han samarbeidde ei kort stund med den tidlegare Pink Floyd-bassisten Roger Waters med filmen When the Wind Blows frå 1986, og albumet Radio K.A.O.S. i 1987. Han var òg med Waters på konserten «The Wall Live in Berlin» i 1990 på klaverinstrument i lag med Peter Wood. Han har òg turnert med Cliff Richard i 1980-åra.

Innhaldsliste

MusikkarriereEndra

Glennie-Smith vart fødd i London. Musikkarrieren hans starta i 1975 med bandet Wally, og spelte klaverinstrument på det andre albumet deira, Valley Gardens. I 1980 spelte han på Leo Sayer-albumet Living in a Fantasy og byrja å spele og turnere med Cliff Richard. For Richard spelte han på albuma I'm No Hero (synthesizer), Wired for Sound (lydteknikar, piano på ein song) og The Rock Connection (synthesizer på ein song).[1][2][3]

Glennie-Smith har òg spelt på mange soloalbuma til Roger Daltrey, Under a Raging Moon og Can't Wait to See the Movie, og Paul McCartney-albuma Press to Play og Flowers in the Dirt.

Han har òg arbeidd med mange andre artistar, som Phil Collins, Tina Turner, Elvis Costello, Pharrell Williams, Nik Kershaw, Duane Eddy, Katrina & the Waves og The Adventures.[4]

FilmarEndra

KjelderEndra

  1. «I'm No Hero». Cliff Richard. EMI. 1980. 
  2. «Wired for Sound». Cliff Richard. EMI. 1981. 
  3. «The Rock Connection». Cliff Richard. EMI. 1984. 
  4. «Nick Glennie-Smith | Credits». AllMusic. 3. oktober 1951. Henta 11. januar 2016. 

BakgrunnsstoffEndra