Nicolai Olsen Normann

Nicolai Olsen Normann (fødd 26. oktober 1780 i Trondheim, daud 13. desember 1859 i Trondenes) var ein norsk handelsmann og gardbrukar.[1] Han var stortingsrepresentant for Finmarkens Amt i tre periodar; 1818–1820, 1821–1823 og 1833–1835.[2][1]

Nicolai Olsen Normann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. oktober 1780
Trondheim
Død

13. desember 1859 (79 år)
Trondenes kommune

Yrke handelsmannn, bonde, politikar

Normann var son av Ole Normann på Elsnes i Trondenes og Elisabeth Hevitte Straum. Sjølv var han handelsmann, gardbrukar og divisjonssjef for kystvernet. Han var medlem av Senjen og Tromsø matrikulkommisjon i 1819, medlem av herredsstyret i 1838 og forlikskommissær.[1]

Normann var innehavar av Borgerdådsmedaljen.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Lindstøl, Tallak (1914). Stortinget og statsraadet: 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg. Steen'ske bogtrykkeri. s. 648. 
  2. Biografisk informasjon om Nicolai Olsen Normann NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv