Nicolette Larson

amerikansk songar og musikar

Nicolette Larson (17. juli 195216. desember 1997) var ein amerikansk songar som er mest kjend for versjonen sin av Neil Youngs «Lotta Love» i 1978. Dette var debutsingelen hennar og nådde åttandeplassen på den amerikanske singellista. I 1985 skifta ho fokus til meir country-orientert musikk og nådde country-lista i USA seks gonger, mellom anna med «That's How You Know When Love's Right», ein duett med Steve Wariner.

Nicolette Larson
Nicolette Larson 1985.jpg
Fødd17. juli 1952
FødestadHelena i Montana
Død16. desember 1997 (45 år)
DødsstadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv1976-1997
SjangerCountry, pop
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarSteve Wariner, Neil Young
PlateselskapWarner Bros.
MCA
Verka sommusikar, songar, låtskrivar, komponist, gitarist, skodespelar

Ho vart fødd i Montana og gjekk på skule i Kansas City i Missouri. Ho slo seg etter kvart ned i San Francisco, der ho arbeidde i ein platebutikk. Etter kvart byrja ho å synge lokalt og i 1975 fekk ho syngje for Commander Cody på albumet deira Tales From the Ozone. Ho song òg korvokal for Commander Cody-album i 1977 og 1978.

Larson arbeidde med Emmylou Harris på albumet hennar Luxury Liner i 1977, og Larson fekk vise seg fram på songen «Hello Stranger». Harris møtte då Linda Ronstadt og dei vart vener. Våren 1977 var Larson på besøk hos Ronstadt i Malibu då naboen Neil Young ringte ho og spurte om ho kunne anbefale ein kvinneleg songar, og Ronstadt anbefalte Larson. Young kom over til Ronstadt for å møte Larson: «Neil song gjennom alle songane han nyleg hadde skrive, om lag tjue stykk. Vi song harmoni med han og han var nøgd».[1]

Veka etter song Ronstadt og Larson vokal for Young sitt American Stars 'n Bars, og i 1977 inviterte Young Larson til Nashville for å syngje på Comes a Time. Dette samarbeidet førte til at Larson fekk eigen platekontrakt med Warner Brothers. Debutalbumet hennar, Nicolette kom ut i 1978. Det var produsert av Ted Templeman.[2] Det nådde 15. plass på albumlista i USA og singelen «Lotta Love», som var skriven av Neil Young, nådde åttandeplass.

Larson spelte inn mange album gjennom 80-åra og første halvdel av 90-talet, samstundes som ho song gjestevokal for mange andre artistar.

Ho døydde 16. desember 1997 i Los Angeles av cerebralt ødem etter at levra hennar braut saman.[3]

DiskografiEndra

AlbumEndra

år Album Listeplassering Sertifisering
US US Country CAN RIAA CRIA
1978 Nicolette 15 1 Gull Gull
1979 In the Nick of Time 47 71
1979 Live At The Roxy (berre promo)
1981 Radioland 62
1982 All Dressed Up & No Place To Go 75
1985 ...Say When 48
1986 Rose of My Heart 40
1987 Shadows of Love
1994 Sleep, Baby, Sleep
1999 The Very Best of Nicolette Larson
2006 A Tribute to Nicolette Larson: Lotta Love Concert
2006 Live At The Roxy (spelt inn i 1979)

KjelderEndra

  1. Crowe, Cameron (November 14, 1978). «Nicolette Larson's Time Has Come». Rolling Stone (280). ISSN 0035-791X. 
  2. Cramer, Christina (December 18, 1997). «Music World Says Goodbye To Nicolette Larson». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2018-06-13. Henta August 9, 2011. 
  3. Oliver, Myrna (18. desember 1997). «Nicolette Larson; Award-Winning Singer». Los Angeles Times. 

BakgrunnsstoffEndra