Opna hovudmenyen

Niels Treschow (5. september 175122. september 1833)[1] var ein norsk politikar og filosof. Han vart privat dimittert til Universitetet i København i 1766 og fekk magistergraden i filosofi i 1774, etter å ha orientert seg i fleire naturvitskaplege og humanistiske disiplinar. Treschow var konrektor (viserektor) ved Throndhjems lærde Skole 17741780, rektor i Helsingør 17801789 og ved Christianias Latinskole 17891803.[2] I 1803 vart han professor og arbeidde som filosofiprofessor i København. I 1813 vart han filosofiprofessor ved Universitetet i Christiania.

Niels Treschow
Niels Treschow.png
Fødd5. september 1751
Drammen
Død22. september 1833
Christiania
NasjonalitetNoreg
Områdefilosofi
Yrkeprofessor, filosof, politikar, psykolog
InstitusjonarKøbenhavns Universitet
Universitetet i Oslo
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab

Treschow deltok ved stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814.[1] Han var medlem av den midlertidige komiteen som leia kyrkje- og undervisningsvesenet våren 1814, og møtte på det det overordna storting hausten 1814. Same år blei han utnemnd til statsråd og han leia Kyrkjedepartementet i fire periodar 1814–1816, 1817–1819, 1820–1822 og 1823–1825. Han var òg statsråd ved Statsrådsavdelinga i Stockholm.[3]

UtmerkingarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Niels Treschow i Norsk biografisk leksikon
  2. Moe (1845). «Treschow (Niels)». Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845. Chr. Schibsted. Henta 25. februar 2010.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  3. Biografisk informasjon om Niels Treschow NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv