Opna hovudmenyen

Nigar Camal

aserbajdsjansk songar

Nigar Camal (fødd 1. september 1980) er ein aserbajdsjansk songar. Ho er med i duoen Ell & Nikki, saman med Eldar Qasımov. Dei representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2011 med songen «Running Scared» og enda på andreplass med 122 poeng i den fyrste semifinalen og vann med 221 poeng i finalen.

Nigar Camal
Ell & Nikki, Eurovision Song Contest 2012, semi-final allocation draw.jpg
Eldar Qasımov og Nigar Camal i Buta Palace i Baku.
Fødd1. september 1980
FødestadBaku i Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken (no Aserbajdsjan)
FødenamnNigar Camal
AliasNigar
OpphavAserbajdsjan
Aktiv2010–i dag
Verka somSongar

EurovisionEndra

Eurovision Song Contest 2014Endra

Saman med Yeganə Axundova, Mübariz Tağıyev, Samir Cəfərov og Khayyám Mustafazadə var Camal ein del av den aserbajdsjanske juryen i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Røystene frå juryen vart sett saman med dei aserbajdsjanske telefon-, SMS- og App-røystene, og utgjorde 50 prosent av røystene frå Aserbajdsjan. Juryen røysta i den andre semifinalen, der Aserbajdsjan deltok, og finalen.[1]

DiskografiEndra

FotnotarEndra

  1. «ESC 2014 Jury» (PDF) (engelsk). Eurovision.tv. 1. mai 2014. Henta 1. mai 2014. 

KjeldeEndra