Opna hovudmenyen

Nikolaikyrkja er den største av to steinkyrkjer frå mellomalderen på Granavollen i Gran kommune i Oppland fylke. Dei to kyrkjene ligg tett ved sida av kvarandre og går under namnet Søsterkyrkjene. Den eldste av dei to, Mariakyrkja, stod truleg ferdig då Nikolaikyrkja vart bygd kring 1150. Den har 250 sitjeplassar, og var truleg kyrkje for Hadeland. Den er oppført som ein basilika, med midtskip og to sideskip der kraftige romanske søylerekker løftar taket over ytterveggane og gir luft i rommet. Den har firefasa ribbekvelving over midtskipet med to travéar og tønnekvelving i sideskipa. Veggane er kvitkalka, med koret innramma av ein steinboge.

Nikolaikyrkja
kyrkje
Sisterchurches at Gran, Nicolaychurch.jpg
John Erling Blad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Gran
Lengd 35m  skip 21m  bredde 15 m  Kor 12 x 8 5m m
Periode Romansk og gotisk
Teknikk Mur, ribbekvelv og tønnekvelv
Material Stein
Tårn Midttårn
Stopul På kyrkjegarden
Portal Enkle søyleportalar
Skip Basilika, midtskip og sideskip
Kyrkjegard Minne over Aasmund Olavson Vinje
Preikestol 1728 arkantusdekor
Døypefont 1728
Altar Altartavle med korsfestinga, syndefallet, 1625
Diverse Glasmåleri av Frøydis Haavardsholm frå 1960
Wikimedia Commons: Nikolaikirken, Gran

GalleriEndra

LitteraturEndra

  • Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i stein bind 1 i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3
  • Bugge, Anders (1932). «Søsterkirkene på Gran». Hadeland: Bygdenes historie. I. Oslo: Nationaltrykkeriet. s. 181-206. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 581. ISBN 82-7527-022-7. 
  • Sven Rosborn, 2014, Søsterkirkene og Steinhuset på Granavollen : Studier i eldre norsk steinbyggerkunst. [Gran 2014]: Stiftelsen Steinhuset på Gran. ISBN 978-82-999607-0-0

BakgrunnsstoffEndra