Nikolajevsk-na-Amure

Nikolajevsk-na-Amure (russisk Никола́евск-на-Аму́ре) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland. Byen ligg 80 km frå munningen til Amur, 650 km nordaust for Khabarovsk. Ved folketeljinga i 2010 hadde han 22 752 innbyggjarar.

Nikolajevsk-na-Amure
Николаевск-на-Амуре
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Nikolajevsk-na-Amure
Byvåpenet til Nikolajevsk-na-Amure


Plassering
Nikolajevsk-na-Amure is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Khabarovsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1850
1856
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

25 449
Koordinatar 53°09′N 140°44′E / 53.150°N 140.733°E / 53.150; 140.733
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 682460
Retningsnummer (tlf) 42135
Nettstad: www.nikoladm.ru

Den russiske busetnaden vart grunnlagd som Nikolajevskij av Gennadij Nevelskoj 13. august 1850. Byen vart kalla opp etter tsar Nikolaj I av Russland. Han fekk byrettar og og namnet Nikolajevsk-na-Amure i 1856.

Nikolajevsk, ca. 1900.

Byen vart ei viktig kommersiell hamn og vart administrativt senter for regionen til 1880, då guvernøren vart flytta til Khabarovsk. Anton Tsjekhov vitja byen på reisa si til Sakhalin i 1890, og merka seg at folketalet minka raskt. Nikolajevsk kom ut av resesjonen i 1896 då det vart oppdaga gull i nærleiken og som følgje av nyoppretta laksefiskeri.

Under den russiske borgarkrigen fall folketalet i byen frå 15 000 til 2 000, etter at ein lokal partisanleiar, som seinare vart avretta av dei same bolsjevikane han var meint å høyre til, jamna byen med jorda og massakrerte den japanske minoriteten i byen.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.