Nikšić

(Omdirigert frå Niksic)

Nikšić (kyrillisk Никшић) er ein by og ein kommune i Montenegro med opp mot 60 000 innbyggjarar. Han ligg på Nikšićsletta ved foten av Trebjesa i Sentralregionen. Byen er den nest største i landet etter Podgorica og er eit viktig senter for industri, kultur og utdanning. Han er senteret i Nikšić kommune, som er den største kommunen i landet ut frå areal. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 66 725 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]

Nikšić
Utsyn over Nikšić
Utsyn over Nikšić
Utsyn over Nikšić
Byvåpenet til Nikšić
Styresmakter
Land
Montenegro
Grunnlagd 300-talet
Borgarmeister Marko Kovačević
Geografi
Flatevidd 2 065 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2023)

66 725
Koordinatar 42°46′N 18°56′E / 42.767°N 18.933°E / 42.767; 18.933
Høgd over havet 647 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 81400
Telefon-retningsnummer 82
Bilnummer NK
Heimeside: niksic.me
Plassering
Plassering av Nikšić
Plassering av Nikšić

Byen vart grunnlagd på 300-talet under namnet Onogost eller Anagastum då romarane bygde ei festning på staden. Byen vart øydelagd og gjenoppbygd fleire gonger gjennom tidene. Etter kvart voks byen utanfor festningsmurane, men utviklinga av byen var lenge knytt til festninga. Det osmanske riket erobra heile området på 1400-talet og vart først frigjeve i 1877. Byen vart hardt råka av den andre verdskrigen, men vart raskt bygd opp att.

Busetnader

endre

I 2011 hadde kommunen 72 443 innbyggjarar.[2] Dei største busetnadene i kommunen var:

Folketal 2011[2]
Nikšić 56 970
Ozrinići 2 057
Rastovac 1 535
Miločani 1 006
Kuta 846

Kjelder

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre