Nils Ihlen

norsk ingeniør og politikar
(Omdirigert frå Nils Claus Ihlen)

Nils Claus Ihlen (24. juli 185522. mars 1925) var ein norsk brukseigar og Venstre-politikar frå Oslo.

Nils Ihlen

Fødd24. juli 1855
Skedsmo kommune
Død22. mars 1925 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, ingeniør, forretningsdrivande
Utdanna vedEidgenössische Technische Hochschule Zürich
FarWincentz Thurmann Ihlen
EktefelleConstance Bruun, Henriette Marie Ihlen
BarnNils N. Ihlen, Joakim Ihlen, Alf Ihlen
Alle verv

Ihlen var son av ein brukseigar. Sjølv vart han student frå Nissens skole i hovudstaden i 1872, cand.philol. året etter og studerte deretter ved teknisk skule i Zürich. Ei tid var han så tilsett ved jarnbaneanlegg. I 1883 overtok han Strømmen Mekaniske Verksted og Støperi, eigde og dreiv dette til 1908, sidan stod han einast som eigar.

Ihlen var i årevis medlem av Skedsmo heradsstyre, ordførar i mange år. Perioden 1906-09 representerte han krinsen Mellem RomerikeStortinget. Han var medlem av budsjettkomiteen og i 1907 av den utvida jarnbanekomiteen og av fossefallskomiteen. Frå 19. mars 1908 var han statsråd og sjef for arbeidsdepartementet i Gunnar Knudsens fyrste regjering, ein posisjonen han hadde til regjeringa gjekk av 1. februar 1910.

Ihlen var utanriksminister i Gunnar Knudsens andre regjering frå 1913 til 1920. Som utanriksminister vart Ihlen særleg kjend gjennom si sentrale rolle i Grønlandssaka. Han inngjekk med Danmark i 1919 ein folkerettsleg bindande avtale, gjerne kalla Ihlen-deklarasjonen, som gjorde det umogleg for Noreg å annektere Aust-Grønland. Ihlen styrte ei stund i 1918 også industri- og forsyningsdepartementet.

Kjelder endre