Nils Ebbessøn Astrup
Nils Ebbessøn Astrup (7. juni 1901–29. september 1972) var ein norsk skipsreiar frå Oslo.
Nils Ebbessøn Astrup | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. juni 1901 |
Død |
29. september 1972 (71 år) |
Yrke | administrerande direktør, reiar |
Ektefelle | Heddy Astrup |
Nils Ebbessøn Astrup på Commons |
Etter cand.jur. 1924 vart han i 1931 medeigar i Fearnley & Eger som morfaren Thomas Fearnley (1841–1927) hadde grunnlagt i 1869. Det vart vidareført av sonen Thomas Fearnley (1880–1961), altså onkelen til Nils. Ved dødsfallet til onkelen i 1961 overtok Nils Astrup leiarstillinga. Elles skaffa han seg Verjedalsbruket i Numedal og investerte i oljeindustrien.
Han var son av Cecilie Fearnley (1878–1902) og Ebba Carsten Morten Astrup (1876–1955). Nils E. Astrup vart i 1925 gift med Hedvige Stang (1904–1978), dotter av skipsreiar Jørgen Breder Stang. Dei fekk fire søner som gjekk inn i firmaet. Då Nils Ebbessønn Astrup døydde i 1972, overtok sonen Nils Jørgen Astrup (1925–2005) leiarskapet. Dårlege tider (shippingkrise) på 70-talet leidde til slutt til konkurs i 1991.
Nils Astrup var ein av H. P. L'Oranges viktigaste støtter i førebuingane til Det norske institutt i Roma (innvigde 1959).[1] Sonen Hans Rasmus Astrup (fødd 1939) er ein kjend samlar av moderne kunst som i 1993 opna Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst.
Verv og utmerkingar
endre- Oslo nye rederiforening, leier 1938–40
- Noregs rederiforbund, visepresident 1940–45 og president 1963–63
- Det internasjonale rederiforbundet, leier 1966–69
- St. Olavs Orden: Kommandør i 1969
Referansar
endre- ↑ I H.P. L'Oranges fotspor: forskning ved Det norske institutt i Roma. Oslo: Messel forl. 1996. s. 9. ISBN 8290744331.
- Denne artikkelen bygger på «Nils Ebbessøn Astrup» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juni 2017.