Nils Johan Rud (24. juli 19087. juni 1993) var ein norsk skjønnlitterær forfattar og redaktør. Han var fødd i Ringsaker i Hedmark og døydde i Asker i Akershus. Rud står sentralt i den norske 1900-talslitteraturen, ikkje berre som forfattar, men òg som redaktør, og er sett på som ein av dei store stilistane i norsk novellekunst.

Nils Johan Rud

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juli 1908
Ringsaker kommune
Død

7. juni 1993 (84 år)
Asker

Yrke skribent, redaktør, redaktør, barnebokforfattar, journalist
Språk norsk

Rud var ikkje meir enn knapt tjue år gamal då han fekk utgjeve barneboka Gutter på skoggang, men romanen Vi skal ha et barn vart refusert av forlaga i Noreg, men vart utgjeve i Sverige, der boka vart godt motteke[1]. Etter ei tid kom boka og ut i Noreg, på Fram Forlag, etter at Erling Falk hadde teke kontakt med Rud og gjeve han 400 kroner for dette. Boka var ei realistisk skildring av arbeidsledig ungdom, som var et tema Rud hadde god kunnskap om etter eigne røynsler frå oppveksten. Men boka vart knapt omtalt i dagspressa, sjølv ikkje i arbeidarrørslas eige Arbeiderbladet med meir enn ein notis, då boka vart rekna i desse tidene for å vere meir pornografisk enn godt var. Men likevel kom det etter dette ut ei bok så å seie kvart einaste år frå Ruds hand. Særleg dei første bøkene syner det sterke engasjementet Rud hadde for at det skulle verte sosial rettferd i Noreg.

Kunstnarisk var det i novellene at Rud synte seg som ein framifrå diktar. Han hadde grepet om den enkle, stramme forma som kjenneteiknar ei god novelle, og nådde store høgder som stilist og ordkunstnar.

Novellekunsten dyrka han i bladet Magasinet for Alle (som opphavleg heitte Arbeidermagasinet), vanlegvis berre kalla Magasinet, der han var redaktør frå 1932 til bladet gjekk inn i 1970. Fleire forfattarar som seinare vart vidgjetne, som til dømes Agnar Mykle, Kåre Holt, Kjell Askildsen, Bjørg Vik, Alf Prøysen, Tor Jonsson og Arthur Omre, har fått det første arbeidet sitt på prent her. Ettersom det ikkje var vanleg å gje ut novellesamlingar som bøker på denne tida, var det Rud, som ved hjelp av Magasinet, heldt liv i novellekunsten i alle desse åra. Det er sagt at Rud las alle manuskript som kom inn, til saman om lag hundre tusen manuskript i dei åra han var redaktør for Magasinet, og at svara alle. Han gav gode råd og oppmuntrande kommentarar, men var òg streng.

Prisar og utmerkingar endre

Bøker av Nils Johan Rud endre

Barnebøker[2]:

  • Gutter på skoggang, 1928
  • Karsemne, 1930
  • Skaugumtrollet, 1931
  • Tusser og troll, 1934
  • Stifinner, 1935
  • Et riktig mannfolk, 1936

Romaner:

  • Vi skal ha et barn, 1933
  • Så stjeler vi et fattighus 1934
  • Jeg er ingen proletar, 1935
  • Alle tiders største, 1936
  • Jakten og kvinnen, 1939 (ill. utg. 1978)
  • Drivende grenser, 1941
  • Fredens sønner, 1947
  • Vi var jordens elskere, 1949
  • Piggtråden blomstrer, 1954
  • Ettersøkte er atten år, 1958
  • Min ungdom var en annens, 1963 (ny utgåve i 1983)
  • Brønnen, 1971
  • Evjene, 1975
  • Ekko i det gamle tun, 1982
  • Spinnehjulet, 1986
  • Det har ventet på deg, 1988
  • En fremmed i speilet, 1993

Noveller, essays, eventyr og kortprosa:

  • Fri jord, 1945
  • Både vinter og vår, 1952
  • I eventyrskog, 1955
  • Det var en lørdag aften, 1959
  • Ørretsommer og rypehøst, 1961
  • Veier for fot, 1967
  • Eros leker, 1969
  • Noveller i utvalg, 1972
  • Av et halvt hundre år, 1973
  • Breen blomstrer, 1980
  • Fra alder til alder, 1985
  • Gammel manns høysang, 1990

Kjelder endre