Nils Lysø
Nils Kristian Lysø (3. september 1905–7. juli 1977) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, fødd i Jøssund. Han var statsråd i Fiskeridepartementet (fiskeriminister) i Einar Gerhardsen si tredje regjering frå 22. januar 1955 til 28. august 1963.
Nils Lysø | |||
| |||
Fødd | 3. september 1905 Jøssund | ||
---|---|---|---|
Død | 7. juli 1977 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Nils Lysø var son til småbrukar og bygningshandverkar Helmer Johansen Lysø og Jørgine Hansen Lysøkak. Han overtok farsgarden i 1939. Han var også utdanna som kystskipper, og arbeidde som fiskar ved sidan av gardsdrifta. Frå 1940 til 1947 arbeidde han også som likningssekretær.
Lysø var medlem i Jøssund kommunestyre 1936-1937 og 1937-1945, ordførar 1945-1947, 1947-1951 og 1951-1953, og medlem 1953-1954. Han var medlem i fylkestinget for Sør-Trøndelag 1945-1947, 1947-1951 og 1951-1955, og medlem i fylkesutvalet 1951-1955. Han var sekretær i Sør-Trøndelag fiskarlag 1945-1954, og generalsekretær i Norges Fiskarlag frå 1954 til 1955.
Nils Lysø var vararepresentant til Stortinget i periodane 1950-53 og 1954-57. Frå 1958 til 1965 hadde Lysø fast plass. Etter at han gjekk ut av regjeringa i 1963 sat Lysø først i Sosialkomiteen, og seinare i Finans- og tollkomiteen.
Frå 1963 til 1974 var Lysø fylkesmann i Sør-Trøndelag.