Nils Torsteinsson Areklett

Nils Torsteinsson Areklett eller Niels Torstensen Arklet (178727. februar 1871) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Naustdal i Sunnfjord.

Nils Torsteinsson Areklett
Fødd 1787
Naustdal
Død

27. februar 1871 (83 år)

Yrke bonde, politikar

I barneåra skal Areklett berre ha gått 3–4 dagar årleg i skule. Han tok i si tid over farsgarden i Naustdal. I 1833 var han 2. representant frå Nordre Bergenhus amtStortinget. Ved stortingsvalet i 1835 vart han vald til 1. varamann og møtte i 1836 frå 4. juli, og på omframstortinget 1836-37 i staden for Ola Olsson Heimsæter. Han var i 1833 medlem av tollkomiteen og i 1836-37 av militærkomiteen. Nokre år var han med i heradsstyret i Naustdal.

Han døydde på slektsgarden i Naustdal i 1871.

KjelderEndra