Nijmegen

(Omdirigert frå Nimwegen)

Nijmegen (tysk Nimwegen, fransk Nimègue, spansk Nimega) er ein kommune og by aust i Nederland i provinsen Gelderland. Han vart rekna som den eldste byen i Nederland og feire 2000-årsjubileum i 2005. Med om lag 160 000 innbyggjarar er han den tiande største byen i Nederland.

Nijmegen
Nijmegen om vinteren
Nijmegen om vinteren
Nijmegen om vinteren
Flagget til Nijmegen Byvåpenet til Nijmegen
Flagget til Nijmegen Byvåpenet til Nijmegen


Plassering
Plassering av Nijmegen
Plassering av Nijmegen
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Gelderland
Grunnlagd 5 e.Kr.
Borgarmeister Thom de Graaf
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

57,53 km²
  53,59 km²
  3,94 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

160 681
  2 998/km²
773 679
Koordinatar 51°50′N 5°52′E / 51.833°N 5.867°E / 51.833; 5.867
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.nijmegen.nl

Historie endre

Nijmegen vart først nemnd i det 1. hundreåret fvt.romarane bygde ein militærleir der Nijmegen ligg i dag. Staden var strategisk viktig på grunn av dei omliggande åsane som gav bra utsyn over dalane til elvane Waal og Rhinen.

I år 69 då batavarane, dei opphavlege innbyggjarane i dalane til Rhinen og Maas, gjorde opprør låg landsbyen «Oppidum Batavorum» nær den romerske leiren. Landsbyen vart øydelagd i opprøret, men då opprøret enda hadde romarane bygd ein annan, større leir der Legio X Gemina var stasjonært. Like etter oppstod ein annan landsby nær denne leiren.

I 103 vart X Gemina flytta til Wien og i 104 gav keisar Trajan landsbyen namnet «Ulpia Noviomagus Batavorum», eller berre «Noviomagus» på kort form. Dette er opphavet til namnet «Nijmegen». Det er berre få restar att etter romarane i byen i dag, men Valkhofmuseumet har ei stor samling med romerske gjenstandar som er grave opp gjennom tidene.

På 300-talet forsvann romarane og Nijmegen vart ein del av Frankarriket. Det har vorte hevda at Karl den store heldt palatiumet sitt i Nijmegen ved minst fire høve. På grunn av Waal blømde handelen og i 1230 fekk Nijmegen byrettar av Fredrik II av Det tysk-romerske riket. I 124] var byen avstått til greven av Geldern som kausjon for eit lån. Lånet vart aldri betalt tilbake og Nijmegen har vore ein del av Gelderland sidan den gong. Handelen blømde likevel vidare og byen vart ein del av Hansaen i 1364.

Kunsten blømde òg i denne perioden og av kjende målarar frå perioden finn ein Limbourgbrørne som vart fødd og utdanna i Nijmegen.

Under åttiårskrigen stoppa handelen opp. Nijmegen vart ein del av Dei sameinte Nederlanda i 1585 og som ein grenseby vart han omleira fleire gongar.

 
Waal nær Nimwegen i 1641.

I 1678 var Nijmegen vertsby for forhandlingar mellom europeiske stormakter med målet om å ende alle krigane som hadde rast over kontinentet i mange år. Resultatet vart Nijmegentraktaten, men avtalen vart ikkje lenge.

På andre halvdel av 1800-talet vart festningsverka rundt byen eit stort problem sidan det vart for mange innbyggjarar på innsida av murane. Ein ville derimot ikkje rive ned festningsverka sidan Nijmegen vart sett på som eit særs viktig punkt i forsvaret av Nederland. Då det viste seg under den fransk-prøyssiske krigen at forsvarsverka ikkje var så nyttige lenger likevel, vart dei rivne i 1874. Den gamle borga var alt riven ned i 1797.

Nijmegen voks stadig. I 1878 vart det bygd jernbanebru over Waal og i 1936 ei vegbru. I 1923 vart Radboud Universitet Nijmegen grunnlagd og i 1927 vart det grave ein kanal mellom Waal og Maas.

I 1940 vart Nijmegen ein av dei første nederlandske byane som vart okkupert av tyskarane. 22. februar 1944 vart byen utsett for kraftige bombeåtak frå amerikanske fly som øydela store delar av bysentrumet. Seinare studiar har vist at kaos og dårleg kommunikasjon kan ha gjort at amerikanarane trudde dei bombarderte den tyske byen Kleve. Over 750 menneske mista livet i hendinga. Under operasjon Market Garden var det kraftige kamphandlingar i byen. I september 1944 var hovudmålet i Nijmegen å sikre brua slik at det 30. britiske armékorpset kunne krysse ho for å nå dei britiske fallskjermsoldatane i Arnhem. Tyskarane gjorde mange forsøk på å øydeleggje brua, mellom anna med bomber på drivved, miniubåtar og til slutt artilleribombardement. Nijmegen vart frigjeve frå tyskarane i november 1944.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nijmegen